Utløpt

Barnehagelærar 50-100% vikariat i Marihøna barnehage,Hjelteryggen

Arbeidsgiver
Nye Øygarden kommune
Stillingstittel
Barnehagelærar
Frist
24.10.2019
Ansettelsesform
Vikariat

Kort om stillinga

Det vert no lyst etter vikariat som barnehagelærar i Marihøna barnehage på Hjelteryggen frå snarast til 31.07.2020.


Marihøna barnehage er ein 4 avdelings barnehage på Hjelteryggen, og sto ferdig i 2002.

Vi har eit flott og variert uteområde med eigen grillhytte, og store fellesrom inne der barna har god plass til å utfalde seg. Eigen personalfløy med møterom og arbeidsplassar til personalet.Vi jobbar mellom anna med COS, Dei utrolege åra og Dinoskule. 

Barnehagen grensar til eit spanande friområde med flott skogsterreng.


Oppgåver

Følgje opp det pedagogiske arbeidet i barnegruppe og samarbeide tett med foreldra

Medverke i det pedagogiske arbeidet med planlegging, gjennomføring og dokumentasjon, i tett samarbeid med pedagogisk leiar og det øvrige personalet


Kvalifikasjoner for stillinga

Barnehagelærarutdanning, helst med erfaring frå barnehage.


Personlege egenskaper

Som person er du tydeleg, raus, inkluderande og inspirerande

Du må like utfordringar og vera endringsvilleg

Du er ein poitiv person med godt humør og evne til å inspirere og motivere

Du set barnet sitt beste i fokus og er god til å samarbeide med andre. 

Du er ansvarsbevist, sjølvstendig og løysingsorientert 

Du har ein fagleg kompetanse som du omset i praksis og er helsemessig skikka for stillinga.


Andre Krav

Godkjent politiattest må leggast fram ved tiltreding.


Meir om søknaden

Nye Øygarden kommune ber alle søkjarar å søkja på stillingar elektronisk. For ytterlegare informasjon og rettleiing kring søknadsprosessen ta kontakt med servicetorget på

tlf: 56 38 20 00.

Arbeidstakarar vert tilsette i kommunen på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtaler. 

Medlemskap i pensjonsordning. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. 

Me gjer merksam på at jfr. Offentlighetsloven § 25 kan opplysningar om søkjar vert gjort offentleg sjølv om søkjar har oppmoda til ikkje verta ført opp i postjournal. Søknad om å verta unnateke offentligheita må vere grunngjeven. Dersom søknaden ikkje vert teken til følgje vil søkjar verta varsla om dette.


Den som får tilbod om stilling skal levera politiattest ikkje eldre enn 3 månader.


Rett kopi av attestar og vitnemål skal ikkje sendast inn, men vert teken med ved evt. intervju.


Om arbeidsgiveren

Kommunane Fjell, Sund og Øygarden vert ein kommune frå januar 2020. Kommunen får namnet Øygarden. Straume skal vera kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Den nye kommunen vil få nærare 40.000 innbyggjarar og om lag 2 500 tilsette. Nye Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet.
Den nye kommunen har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Nye Øygarden kommune har tilsett fem kommunalsjefar til områda Organisasjon og
digitalisering, Økonomi, Oppvekst, Helse og velferd og Kultur og samfunn.

Sektor
Offentlig
Sted
Skjenet 2, 5354 Straume
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehagelærer

Nøkkelord

barnehagelærar, læring, barnehage, barn, oppvekst

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Janne D. Weidemann
Stillingstittel
Styrar
Telefon
55 09 62 01
Følg firma
131 følger dette firmaet

Skjenet 2, 5354 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 160216619
Sist endret 23. nov. 2019 10:28

Rapporter annonse