Utløpt

Ledig lærarvikariat til Tjeldstø skule, 80% stilling

Arbeidsgiver
Nye Øygarden kommune
Stillingstittel
Lærar
Frist
23.10.2019
Ansettelsesform
Vikariat

Kort om stillinga

Nye Øygarden kommune har ledig eit vikariat på 80% som lærar ved Tjeldstø skule på Tjeldstø.

Tjeldstø skule ligg lengst nord i Øygarden og blei i 2015 bygd som ein flott og moderne skule. Skulen ligg i nær sjø og har naturskjønne omgjevnader. Skulen nyttar uteområda i m.a. til uteskule og skulen har symjeopplæring i sjø.

Dette året er satsingsområda å auke digital kompetanse gjennom bruk av CB og det som fører med seg av endring innan klasseroms undervisning. Skulen får opplæring og jobbar med programmet DUÅ dette skuleåret. Vi legg vekt på teamsamarbeid på tvers av trinn, og samarbeid med andre vaksne på skulen. Skulen er ein fådelt skule med for tida 74 elevar.

Stillinga er i hovudsak på 5.trinn. Sidan skulen er fådelt er det og undervisning av grupper på tvers av mellomtrinnet. 

Arbeidsdagane er over fire dagar, men vi kan vere fleksible dersom det er ønskjeleg.

Stillinga er ledig omgåande, og er ut skuleåret 2019-2020.


Arbeidsoppgåver

Timelærar på mellomtrinnet, i hovudsak på 5. trinn.

Det er ønskjeleg med kompetanse innan spesialundervisning og kunst og handverk.


Kvalifikasjonar for stillinga

Formell lærarutdanning


Me tilbyr

Ansvar og høve til å forme ein arbeidsplass i kontinuerleg utvikling

Arbeidsmiljø med faglege ambisjonar

Fokus på personalutvikling

Løn etter tariff og elles kommunale vilkår


Andre Krav

Gode haldningar til samarbeid

Gjev det vetle ekstra

Er oppteken av god klasseleiing


Personlege egenskaper

Ansvarsbevisst, tek initiativ

Har fokus på relasjonsarbeid

Godt humør og pågangsmot

Handterer høgt arbeidspress i skulekvardagen

Er utviklingsorientert og nysgjerrig på nye arbeidsmåtar


Søknad

Nye Øygarden kommune ber alle søkjarar å søkja på stillingar elektronisk. For ytterlegare informasjon og rettleiing kring søknadsprosessen ta kontakt med servicetorget på

tlf: 56 38 20 00.

Arbeidstakarar vert tilsette i kommunen på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtaler. 

Medlemskap i pensjonsordning. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. 

Me gjer merksam på at jfr. Offentlighetsloven § 25 kan opplysningar om søkjar vert gjort offentleg sjølv om søkjar har oppmoda til ikkje verta ført opp i postjournal. Søknad om å verta unnateke offentligheita må vere grunngjeven. Dersom søknaden ikkje vert teken til følgje vil søkjar verta varsla om dette.


Den som får tilbod om stilling skal levera politiattest ikkje eldre enn 3 månader.


Rett kopi av attestar og vitnemål skal ikkje sendast inn, men vert teken med ved evt. intervju


Om arbeidsgiveren

Kommunane Fjell, Sund og Øygarden vert ein kommune frå januar 2020. Kommunen får namnet Øygarden. Straume skal vera kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Den nye kommunen vil få nærare 40.000 innbyggjarar og om lag 2 500 tilsette. Nye Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Den nye kommunen har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Nye Øygarden kommune har tilsett fem kommunalsjefar til områda Organisasjon og
digitalisering, Økonomi, Oppvekst, Helse og velferd i tillegg til Kultur og samfunn

Sektor
Offentlig
Sted
Skjenet 2, 5354 Straume
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer,
Undervisning og pedagogikk

Nøkkelord

undervisning, barneskole, undervisningsstilling, lærar, lærer

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Linda Færestrand
Stillingstittel
Rektor
Mobil
90 62 90 25
Følg firma
132 følger dette firmaet

Skjenet 2, 5354 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 160206771
Sist endret 23. nov. 2019 08:32

Rapporter annonse