Utløpt

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane søker Fylkessekretær (vikariat)

Arbeidsgiver
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane
Stillingstittel
Fylkessekretær
Frist
02.10.2019
Ansettelsesform
Vikariat

Naturvernforbundet er den eldste og største natur- og miljøvernorganisasjonen i Noreg. Vi er kring 30.000 medlemmer og har omlag hundre lokallag over heile landet. Fylkeslaget i Sogn og Fjordane har dei siste åra hatt stor vekst i tal medlemmer.

Våren 2020 skal Naturvernforbundet arrangere landsmøte i Førde, og vi må for tida følgje opp ei rekke viktige prosjekt og aktivitetar. Vi søker difor etter ein person som kan jobbe hos oss i eit vikariat som fylkessekretær i ein hektisk periode, i første omgang i ein 50 % stilling fram til 30. april 2020. Perioden kan bli forlenga.

Kontorstad er Bergegården i Førde.

Arbeidsgjevar er fylkesstyret i Sogn og Fjordane, og det er styret som avtaler og prioriterer arbeidsoppgåvar. Fylkessekretæren samarbeider med FNF-koordinator og andre natur- og friluftsorganisasjonar.

Stillinga skal mellom anna jobbe med:

·      Oppfølging av lokallag i Sogn og Fjordane

·      Planlegging av Naturvernforbundets landsmøte i april 2020 i Førde

·      Oppfølging av ulike miljø- og naturvernsaker

·      Prosjektsøknader

·   Høyringsfråsegner og andre innspel til kommunale og regionale plana

·   Kystlotteriet og marin forsøpling

·   Administrasjonsoppgåver for fylkesstyret

Stillinga er eit delvis vikariat og ei delvis prosjektstilling i samband med stor arbeidsmengde og at vår fylkessekretær jobbar redusert ein periode.

Ønska kvalifikasjonar:

·      Erfaring frå organisasjonsarbeid, arrangement og arbeid med friviljuge

·      God skriftleg og munnleg framstillingsevne

·      Gode samarbeidsevner, resultatorientert og sjølvstendig

Vi kan tilby ei svært viktig, spennande og utfordrande stilling med høve til å vere med på å skape aktivitet innafor miljøsakene i Sogn og Fjordane og nye Vestland fylke..

Stillinga har ein fleksibel arbeidskvardag, noko reiseverksemd, gode pensjons- og forsikringsordningar og vert plassert i lønnstrinn 40-46 i statens lønnsregulativ, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring.

For opplysningar kontakt: 

Fylkesleiar Nyonga Amundsen, tlf: 419 17 705 – epost: nyonga@nyonga.no

Fylkessekretær Marit Bendz, tlf: 91 14 14 57 – epost: marit@skriftaogveggen.no

Send søknad med CV som vedlegg i e-post til sognogfjordane@naturvernforbundet.no innan 2. oktober, merka Søknad fylkessekretær  

Nettverk
Facebook
Sektor
Organisasjoner
Sted
6800 Førde, 6800 Førde
Bransje
Ideelle organisasjoner
Stillingsfunksjon
Koordinering,
Rådgivning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Nyonga Amundsen
Stillingstittel
Leder i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane
Mobil
Vis telefonnummer

6800 Førde, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 158116727
Sist endret 30. okt. 2019 19:16

Rapporter annonse