Utløpt

Helsefagarbeidar tl Foren burettslag

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Frist
08.09.2019
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Time Kommune

 

Me søkjer

Ved burettslag for unge personar med ulike funkjsonshemmingar, er det ledig 80 % vikariat som fagarbeidar frå dags dato til 31.03.2020 i Foren Burettslag på Kvernaland. Arbeidstid er turnus dag/kveld, med langvaktar i helg, kvar 4. veke.

 

Om arbeidsplassen

Foren burettslag består av 7 leiligheiter og ein personalbase. Bustaden hadde oppstart i februar 2018, og har heildøgnsteneste. Me ønskjer høg trivsel for bebuarane og personalet. Eit burettslag der bebuarane får ein aktiv og

meiningsfull kvardag gjennom eigen mestring med fokus på brukarmedverknad.

 

Me tilbyr

-  Me kan tilby ein spennande jobb med mogligheit til eiga utvikling.

-  Faglig og aktivt arbeidsmiljø.

-  Interne og eksterne kurs

 

Om arbeidsoppgåvene

-  Målretta miljøarbeid med individuell oppfølging som er tilpassa den enkelte brukar sine behov, ressursar og mål

-  Gje nødvendig helsehjelp, praktisk bistand og opplæring i dagliglivets gjeremål

-  Planlegging og tilrettelegging av tenestetilbodet

-  Bidra til fagleg utvikling av tenesta

-  Opplæring, undervisning, veiledning og tverrfagleg samarbeid

-  Dokumentasjon

-  Primær- og sekundærkontaktoppgåver

-  Samarbeid med pårørande og andre samarbeidspartnarar

-  Ansatte forventas å delta på kurs og e-læringsprogram som er relevant for arbeidet

-  Ulike funksjonsoppgåver vil bli tillagt den enkelte ansatt

-  Følgje brukarar i basseng

 

Kvalifikasjonar

-  Evne til å samarbeida systematisk, målretta og resultatorientert for å oppnå sjølvstende og meistring hos brukar.

-  Fagleg engasjement med evne til å tenkja nyskapande

-  Respekt for den enkelte brukar

-  Løysningsfokusert, ansvarsbevisst og fleksibel

-  Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne

-  God datakunnskap og teknisk innsikt

-  Ein må trivas i eit aktivt og kreativt arbeidsmiljø

-  Det vert lagt vekt på at du er personleg eigna til stillinga

 

Andre krav

-  Hjelpepleiar /omsorgsarbeidar /helsefagarbeidar

-  Relevant fagskuleutdanning vil væra ein fordel

-  Ønskeleg med relevant arbeidserfaring

-  Det er krav om politiattest i stillinga

-  Ein må beherska norsk, skriftleg og munnleg (minimumskrav om bestått B2-test eller Bergenstesten)

-  Førarkort klasse B, (det er krav om å køyre bilar med manuell gir og automatgir i arbeid)

 

Elektronisk søknadsprosess

Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Om arbeidsgiveren

“Me skal gjera kvarandre gode” er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, tilsette, besøkjande og næringsliv.
Time kommune har 18 800 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Sektor
Offentlig
Sted
Gamle Åslandsveg 23, 4355 Kvernaland
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell

Nøkkelord

vikariat, bufellesskap, fagarbeidar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tove Merete Vorland
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
90 21 13 49
Følg firma
601 følger dette firmaet

Gamle Åslandsveg 23, 4355 Kvernaland

Annonseinformasjon

FINN-kode 155760797
Sist endret 9. sep. 2019 00:07

Rapporter annonse