Utløpt

Sesongmedarbeidarar skiheis, skipatrulje, gondol, gjesteservice

Arbeidsgiver
Voss Resort
Stillingstittel
Medarbeidar skianlegg vintersesong 23/24
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Sommer/Sesong
Bli kjent med Voss Resort AS

Vil du jobba i Norges beste skiterreng? Me søkjer sporty og engasjerte jenter og gutar som likar seg utandørs. Voss Resort har ledige sesongbaserte stillingar frå desember til april. Som ansatt hjå oss er du er vårt ansikt utad, du må trivst bland folk, kunne by på deg sjølv, vera løysingsorientert, sjølvstendig, lika å vera ute i ver og vind, og ha glimt i auga.


Til vintersesongen 2023/2024 søkjer me personale til fylgjande stillingar: 

  • Heisførar, heiltid/deltid

Som heisførar er du vårt ansikt utad i bakken. Du likar å stå opp tidleg, vera ute i all slags ver, og møter våre gjestar med eit smil. Me søker heisførarar til både stolheis og t-krok. Må vera over 18 år og norsktalande.

  • Skipatrulje, heiltid/deltid.

Me søker deg som har relevant erfaring, eller helsefagleg bakgrunn, samt gode skiferdigheiter. Deltidsstilling i skipatrulje kan fint kombinerast med arbeid på sjukehus/ambulanse.

  • Gjesteservice/billettsal, heiltid/deltid.

Me søker deg som ivrar for god service! Ved våre billettkontor på Voss Gondol, og i Bavallen har me ledig stilling både deltid og heiltid. Heiltidsstillinga innebere noko ansvar ift dagleg oppgjer/rapportering, samt bistand på telefon og epost til våre gjestar. Moglegheit for heilårsstilling. Deltidsstillinga er både i helg og kveldar, og høver godt for skuleelevar/studentar.

  • Ekstrahjelp heis/servicevert helg, deltid/tilkalling.

Passar søkjarar 16-18 år, som likar varierte arbeidsoppgåver.

  • Gondolførar heiltid/deltid/tilkalling. Moglegheit for heilårsstilling.


Me tilbyr ein sosial arbeidsstad i ein spanande og hektisk bransje, med hyggelege kollegaer og mykje godt humør. Stillingane er heiltid eller deltid innanfor vintersesongen, med turnusarbeid i helgar og feriar. Nokre av stillingane innebere kvelds- og nattarbeid.

Dei fleste deltidsstillingar er helgearbeid og kan kombinerast med studiar.

Obs, hugs å presiser kva stilling du søkar på i søknaden din.

Om arbeidsgiveren

Voss Resort er eit av landets største skianlegg med ein lang og stolt tradisjon. Det er investert nær 400 millioner kroner i heisar og nedfarter dei siste åra. Voss Gondol og Hangurstoppen restaurant opna somaren 2019. Ny 6-setar ekspressheis på Tråstølen opnar Desember 2022. Voss Resort er ein av Noregs beste heilårsdestinasjonar, med aktivitet året rundt.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Antall stillinger
20
Sted
Bavallsvegen 227, 5710 Skulestadmo
Bransje
Reise og turisme
Stillingsfunksjon
Kundeservice
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Heisfører, Skianlegg, Skipatrulje, gondol

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Karethe Hoft Solstad
Stillingstittel
Kontorleiar
Følg firma
134 følger dette firmaet

Bavallsvegen 227, 5710 Skulestadmo

Annonseinformasjon

FINN-kode 155406180
Sist endret 28. sep. 2023 14:16

Rapporter annonse