Utløpt

Har du lyst på ei spennande feltstilling?

Arbeidsgiver
Miljødirektoratet
Stillingstittel
Rovviltkontakt Åsnes, Grue, Kongsvinger, Nord-Odal, Sør-Odal
Frist
01.09.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med MILJØDIREKTORATET
Om stillinga

Stillingar som rovviltkontakt, fast tilsette på tilkalling i Statens naturoppsyn (SNO), er stillingar der ein får jobbe i felt med innsamling av viktige data som har stor tyding for forvaltinga av store rovdyr. Stillingane er lokale, knytte til ein eller fleire kommunar, og det er viktig at rovviltkontakten kan løyse oppgåvene i god kontakt og dialog med beitebrukarar og lokalsamfunn for øvrig. Rovviltkontakten utfører oppgåver på dei arbeidsområda og i det geografiske området som blir fastsett av fagansvarleg for rovvilt i lokalt SNO. Oppgåvene blir løyste i tråd med fastsette instruksar og for øvrig på den måte og i den prioritet som blir fastsett av SNO.

Arbeidet som lokal rovviltkontakt er eit attåtarbeid eller bistilling til anna hovudinntekt. Arbeidet er utprega sjølvstendig, og arbeidstida vil vere hendingsstyrt, varierande og avhengig av behov. Det blir understreka at den einskilde arbeidstakaren sjølv må kontrollere at den samla arbeidsbelastinga i hovudarbeidet og i arbeidet som rovviltkontakt ikkje overstig det som er forsvarleg.

Det ligg ikkje naturoppsynsmakt i rolla som rovviltkontakt. Arbeidsoppgåva krev god rolle- og aktørforståing, og at policyen og HMS-reglementet til arbeidsgivaren innanfor rørte arbeidsområde og oppgåver blir følgde. Rovviltkontakten pliktar å delta på kurs og andre kompetansehevande tiltak i regi av SNO.


Stillingas hovudansvarsområde
  • gjennomføre skadedokumentasjon i felt ved mistanke om rovviltskadar på husdyr
  • kontrollere tilfeldige meldingar om rovvilt, som har prioritet for registrering i henhald til overvakingsprogrammet for rovvilt
  • kvalitetssikre og rapportere innsamla faglege data i henhald til instruksar
  • planleggje og organisere eige feltarbeidsområde innanfor gjeldande instruksverk og retningslinjer
  • eigenadministrasjon innanfor timelister og reiserekningar mv.
  • avlaste kollega innan ansvarsområde ved behov
  • bistå ved opplæring av nytilsette rovviltkontaktar
  • kontakt med lokale beitebrukarar, rørte kommunar, grunneigarar, lokale samarbeidspartar, interesseorganisasjonar og publikum
  • informasjons- og representasjonsoppgåver for SNO ved behov

Rovviltkontakten kan ved behov bli forespurd om oppdrag utanfor kjernefunksjonen. Arbeidsoppgåva er hendingsstyrt og krev moglegheit for stor fleksibilitet med henhald til planlegging og gjennomføring.

Hovudgeografi for denne stillinga er Åsnes, Grue, Kongsvinger, Sør-Odal, Nord-Odal.


Kvalifikasjonar og eigenskapar
  • det blir ikkje stilt krav til formell utdanning
  • god generell feltkompetanse og erfaring frå sjølvstendig arbeid er eit krav
  • kompetanse innan fagområdet, samt felterfaring frå rovviltarbeid vert tillagt vekt
  • innsikt og kunnskap når det gjeld rovviltforvalting generelt og verksemda til SNO spesielt vert tillagt vekt
  • allmenne gode kunnskapar om bruk av dataverktøy og gode kunnskapar om bruk av GPS er ein fordel
  • det blir kravd god lokalkunnskap
  • erfaring frå samarbeid innanfor beitenæring/ -organisasjonar vert tillagt vekt
  • god evne til positiv relasjons- og tillitsbygging mot rørte brukargrupper er nødvendig

Søkjarar må ha godt omdømme i lokalt arbeidsområde og god vandel. Det vert innhenta referansar på aktuelle søkjarar frå kommunen og lokal beitenæring


Vi tilbyr
  • fast stilling på tilkalling, inntil 300 timar pr. år
  • lønn som teknikar, med for tida kr. 200,50,- pr. time i Statens lønnsregulativ
  • opplæring i arbeidsgivar sin policy, metodar og HMS-reglement

Spørsmål om stillinga og korleis du søkjer

Kontaktperson for stillinga er regionalt rovviltansvarleg i SNO Eivind Faldet, tlf. 91532128 eller e-post eivind.faldet@miljodir.no.

Du sender din søknad vedlagt relevante vitnemål og attestar elektronisk gjennom www.Jobbnorge.no. Vi ønskjer at vitnemål blir henta frå www.vitnemalsportalen.no.  

Merk søknaden 67-2019 SRD.

Søknadsfrist: 01.09.2019

Som IA-bedrift ønskjer Miljødirektoratet ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere fleire personar med redusert funksjonsevne, hòl i CV og personar med innvandrerbakgrunn.

Det vil bli utarbeidt offentleg søkjarliste ved søknadsfristen sitt utløp. Opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjord sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jamfør offentleglova §25. Dersom oppmodinga ikkje vert etterkomme, skal søkjaren ha melding og bli gitt høve til å trekkje søknaden sin.

Her er lenkje til personvernerklæringa vår.


Om arbeidsgiveren

Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Våre hovudoppgåver er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining. Vi er eit statleg forvaltingsorgan

underlagt Klima- og miljødepartementet og har i underkant av 700 tilsette ved våre to kontor i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine omlag 60 lokalkontor. SNO er Miljødirektoratets feltapparat.

Sektor
Offentlig
Sted
Hedmark sør, 2201 Kongsvinger
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Annet
Følg firma
2600 følger dette firmaet

Hedmark sør, 2201 Kongsvinger

Annonseinformasjon

FINN-kode 154965255
Sist endret 19. aug. 2019 12:25

Rapporter annonse