Utløpt

Vil du arbeide med kultur i Modalen?

Arbeidsgiver
Modalen kommune
Stillingstittel
Kulturskulelærar og/eller miljøarbeidar i fritidsklubben
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

Modalen kommune søkjer etter engasjert person som ynskjer å skape gode oppvekstvilkår gjennom gode kulturtilbod. Det er ledig faste stillingar som 20 % kulturskulelærar og 20 % miljøarbeidar i fritidsklubben - aller helst ynskjer me å slå saman desse to til ein stilling - 40 %.

Det er råd å drøfte tilpassing av arbeidstid med omsyn til dagar og klokkeslett for å imøtekomme dine ynskjer og behov.


Kulturskulelærar

Arbeidsoppgåver og ansvar:

Hovudoppgåver er å planleggje, organisere og gjennomføre kulturskuleundervisninga. Det inneber at du saman med rektor nyttar dei rammer som ligg føre og lagar eit best mogleg tilbod til elevane. Ein del foreldrekontakt/informasjon vert også naudsynt.

Det vil vere aktuelt å gjennomføre kurs for kulturskuleelevar t.d. innan teikning/måling, foto, keramikk, matlaging, programmering, dans m.m. Det vil vere di oppgåve å planleggje og syte for gjennomføring saman med evt. innleigde instruktørar.


Kompetanseynskje:

Me ynskjer at du fortrinnsvis har utdanning/kompetanse på følgande:

- pedagogikk, gitarspel, pianospel, evt. andre musikk-/instrumentartar, kunst- eller kulturuttrykk.


Våre ynskje om deg

- du er samarbeidsvillig, fleksibel og utviser tolmod.

- du er raus, kompetent og oppteken av andre rundt deg.

- du evnar å trekkje andre med deg mot felles mål.

- du er påliteleg, føreseieleg, strukturert og ryddig.

- du er reflektert og har overblikk


Miljøarbeidar fritidsklubben

Bryggjeslottet er utgangspunkt for klubben, men det kan planleggast å nytte øvrige kommuneale bygg - og ikkje minst; nytte natur- og uteområda våre!

Fritidsklubben er ein del av kulturtilbodet til Modalen kommune som er underlagt kundetorget.


Arbeidsoppgåver og ansvar

Hovudoppgåvene dine vert å planlegge innhald og gjennomføre klubbkveldane saman med dei unge. Du er den ansvarlege og trygge vaksne tilgjengelege vaksne. Du skal kunne vere rettleiar og samtalepart, og du skal kunne vere rollemodell og inspirator. Det vil vere naturleg at du også tek opp aktuelle tema for og saman med dei unge, t.d. mobbing, venskap m.m.


Kvalifikasjonsynskje

- Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget.

- Erfaring frå arbeid med barn og/eller unge.


Personlege eigenskapar

- Du vektlegg den gode relasjonen i kombinasjon med fagleg kompetanse og engasjement.

- Du er utadvendt og entusiastisk.

- Du motiverer og inspirerer.

- Du er kontaktskapande og byggjer god kontakt med målgruppa.

- Du er ryddig og systematisk, kan organisere og samarbeide med andre.

- Du er sjølvstendig.

Du må leggje fram tilfredsstillande politiattest før du tek til i begge stillinga.

Om arbeidsgiveren

Kommunen ligg som ei perle innst i Osterfjorden med ca. 380 innbyggjarar. Det er små og oversiktlege forhold og trygge oppvekstvilkår. Avstand til Knarvik er om lag 45 min. med bil. Dersom du vurderer å flytte til Modalen vil kommunen gjerne tilby ein prat med deg for å vise deg kva me har å tilby.

Nettverk
Facebook
Tiltredelse
12.08.2019
Sektor
Offentlig
Sted
PB 44, Mo,
5732 Modalen
Bransje
Kunst og kultur
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger,
Annet

Rapporter annonse

FINN-kode
150921752
Sist endret
6. aug 2019 11:20

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ove Sæbø
Stillingstittel
Ass. rådmann
Telefon
Vis telefonnummer
Mobil
Vis telefonnummer

PB 44, Mo, 5732 Modalen

Rapporter annonse

FINN-kode
150921752
Sist endret
6. aug 2019 11:20