Utløpt

Os barneskule søkjer miljøveileder og fagarbeider

Arbeidsgiver
Os kommune
Stillingstittel
Miljøveileder og fagarbeider
Frist
10.06.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Os barneskule og SFO har ledige stillingar. Vi søkjer etter miljørettleiarar og fagarbeidarar, dei fleste er faste sillingar i ulik stillingsstorleik.

Arbeidsstad
Os barneskule ligg i sentrum av Os. Skuleåret 2019-2020 har vi 350 elevar og 45 tilsette.

Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Ros og oppmuntring er vi rause med. Saman med foreldra lagar vi gode rammer rundt borna. Visjonen vår er "Livsglede og lærelyst". Les gjerne meir om skulen på nettsida: http://www.osbarn.gs.hl.no

Satsingsområda våre er grunnleggjande ferdigheiter i lesing og skriving, i tillegg til jamt og trutt arbeid med å skapa eit godt og inkluderande læringsmiljø og livsmeistring for alle.

Arbeidsoppgåver
  • Gje barn omsorg, tryggleik og skape eit godt læringsmiljø på skule og SFO
  • Rettleie barn i leik og fritidsaktivitetar
  • Planlegge og gjennomføre aktivitetar med barnegrupper og barn med særskilde behov
  • Gjennomføre pedagogiske, tilrettelagte aktivitetar
  • Ha tett samarbeid med personalet i skulen og SFO
  • Ha god kontakt med foreldre
  • Støtte og rettleie barn i utvikling og læring
  • Støtte og rettleie barn med særskilte behov

Kvalifikasjonar
- Barne- og ungdomsarbeidar, vernepleiar, miljøterapeut eller liknande utdanning
- Utanlandsutdanning må vere NOKUT-godkjent

Ønska kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar vert vektlagt. Du:

  • har gode samarbeidsevner
  • har evne til å etablere gode relasjonar
  • er positiv, initiativrik, engasjert og fleksibel
  • er pliktoppfyllande, ansvarsbevisst og påliteleg
  • liker å vere i aktivitet og utfalde deg i fysisk aktivitet med barn kvar dag
  • er god rollemodell for barna
  • er positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet vårt

Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.   Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med  Personalavdelinga.

Om arbeidsgiveren

Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Giskevollen 20, 5200 Os
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Undervisning og pedagogikk / Veileder,
Undervisning og pedagogikk / Skoleassistent

Nøkkelord

miljøterapeut, BUA, barn, omsorg, læringsmiljø

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Laila Aarbakke
Stillingstittel
Rektor
Telefon
56 57 53 64
47 67 02 91
Følg firma
491 følger dette firmaet

Giskevollen 20, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 148261023
Sist endret 24. mai 2019 14:46

Rapporter annonse