Utløpt

Overingeniør (50 %, mellombels)

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Overingeniør (50 %, mellombels)
Frist
12.05.2019
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY


Overingeniør (50 %, mellombels)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, er det ledig ei mellombels stilling som overingeniør (50 %) i eitt (1) år. Stillinga er ein del av prosjektet signaling metabolomics finanisert av Norges forskningsråd (NFR).


Arbeidsoppgåver:
  • metodeutvikling av kvantitative LC-MS-baserte metodar for målretta og ikkje-målretta metabolomikk  
  • identifikasjon og kvantitering av metabolittar
  • utvikling og bruk av ekstraksjonsmetodar for metabolittar frå biologiske prøver
  • rutine-metabolomikk
  • biokjemiske analysar, inkludert måling av protein og nukleinsyre-analyser
  • dataanalyser ved bruk av standard statistisk og metabolomikk software

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • søkjar må ha mastergrad, helst ph.d.-grad, innanfor relevant fagområde
  • søkjar må ha erfaring frå LC-MS metodeutvikling, dokumentert for eksempel med førsteforfattarskap i anerkjente tidsskrift
  • erfaring frå rutineekstraksjon og metabolomiske analyser frå biologiske vev er naudsynt
  • søkjar må ha erfaring med relevant dataanalyse og presentasjon av resultat
  • det er ein føremon dersom kandidaten har erfaring frå tidligare rettleiing av studentar i laboratoriet  
  • personen må vere ansvarleg, kunne arbeide i team, vere fleksibel og tilpassingsdyktig   
  • omfattande relevant praksis er eit krav
  • det er krav om gode språkkunnskapar og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på engelsk

Vi søkjer ein person som:

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga. 


Vi tilbyr:
  • spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53-57 (for tida kr 464 800 - 497 000). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Jan Haavik, Institutt for biomedisin, tlf.: 55 58 64 32 eller e-post: Jan.Haavik@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor
Offentlig
Sted
Jonas Lies vei 91, 5009 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør
Følg firma
1206 følger dette firmaet

Jonas Lies vei 91, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 145311966
Sist endret 19. apr. 2019 00:00

Rapporter annonse