Utløpt

Servitørar, bartender og kokkar til Hangurstoppen restaurant

Arbeidsgiver
Voss Resort
Stillingstittel
Servitørar, bartender og kokkar
Frist
25.05.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Voss Resort AS

Har du lyst til å jobba i det mest kreative og veksande selskapet på Voss?

Er du ein person som likar utfordringar og jobbar hardt for å skape noko unikt?

Voss Resort har vore ein innovativ aktør i over 15 år.

Hangurstoppen AS vil bli det sentrale selskapet i Voss Resort AS for utvikling av god service, god mat og drikke i våre fire restaurantar og kafear. Den nye restauranten som kjem i tilknytting til gondolen, Hangurstoppen Restaurant, vert Voss sin største og hovedrestauranten på fjellet. 

 

Som servitør/bartender ser vi gjerne at du er:

·       Serviceinnstilt og utadvendt

·       Du må kunne takle stort arbeidspress og uforutsette hendingar og vanskelege situasjoner

·       Er god på kundeservice og tek utfordringer med eit smil

·       Likar å jobbe med mennesker og å lære nye ting

·       Er punktleg og påliteleg, og som kan ta i eit tak når det trengs

·       Må kunne snakka skandinavisk og engelsk


KOKK


 Som kokk kreves fylgjande:

·       Du har en brennande lidenskap for mat.

·       Du er oppteken av kvalitet og har stor respekt for råvarer og marginar.

·       Matsvinn er viktig for deg og du jobber hardt for å minimere matavfall og svinn i alle ledd.

·       Du er nytenkjande, fylgjer med på kva som skjer i bransjen og er ein kreativ person som er       oppteken av detaljer.

·       Du er sjølvstendig, ansvarsfull og ein som bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø

 

Me tilbyr:

·       Eit godt arbeidsmiljø med positive og dyktige kollegaer

·       Ein spennande arbeidskvardag med høgt tempo og varierende arbeidsoppgåver

·       Tett oppfølging frå oss i Hangurstoppen AS

·       Mulighet for utvikling internt i bedriften

·       Faste og midlertidige stillingar både fulltid og deltid, og høve til å vera med på ei spennande reise.


Arbeid i ferie- og helger må påreknast.

 

Om arbeidsgiveren

Voss Resort AS eig og driv skisenteret på Voss. Herunder ligg kafe- og restaurantdrift, utleige av overnatting, skileige, skiservice og skiinstruksjon og aktivitetar. Selskapet utviklar og sel 25 - 40 fritidsleilegheiter årleg. Voss Resort er organisert som eit konsern med 7 underliggande driftsselskap og omset for ca 150 MNOK årleg. Selskapet har vore ein viktig aktør i den positive utviklinga på Voss dei siste 15 åra. Selskapet har som mål å vera innovativt og nyskapande.
Voss Resort AS er majoritetseigar i den nye gondolbanen som opnar sommaren 2019. Selskapet har mange spennande prosjekt under planlegging og det er venta betydeleg vekst i den operative aktiviteten dei kommande åra. Ein del av denne veksten vil komma innanfor restaurantverksemd. Sjå www.vossresort.no

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Antall stillinger
10
Sted
5700 Voss
Bransje
Restaurant, mat og uteliv
Stillingsfunksjon
Mat og servering / Bartender,
Mat og servering / Kokk,
Mat og servering / Servitør
Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Thomas Larsen
Stillingstittel
Restaurantsjef
Følg firma
134 følger dette firmaet

5700 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 141926874
Sist endret 18. apr. 2019 11:52

Rapporter annonse