Utløpt

Vil du være skulebibliotekar v/Øygarden bibliotek

Arbeidsgiver
Øygarden kommune
Stillingstittel
Skulebibliotekar
Frist
13.03.2019
Ansettelsesform
Vikariat

Kort om stillinga
Frå 13. mai er det ledig 70% vikariat som skulebibliotekar for Øygarden bibliotek.
Skulebibliotekaren vår Trine går ut i mammapermisjon og vi ser etter vikar for å dekke denne perioden.

Varighet 9 månadar med mogleg forlenging.

Skule- og folkebiblioteket i Øygarden kommune er samordna og skulebibliotekaren er organisert under kultureininga.
Frå 1.januar 2020 blir Øygarden, Sund og Fjell ein kommune. Biblioteka i den nye kommunen vil ha tre likestilte
avdelingar på Rong, Straume og Skogsvåg, med kvar sine ansvarsområde. Det er berre Øygarden kommune som
foreløpig har organisert skulebibliotekartenesten under kulturavdelinga ved biblioteket. Fast arbeidsplass vil vere på
skulebiblioteka ved barneskulane i Øygarden og på biblioteket på Rong.

Kvalifikasjonar for stillinga
Lærarutdanning og tilleggsutdanning i skulebibliotek, likevel er det slik at tilsette i kommunen med pedagogisk fagleg
bakgrunn og genuin interesse for bibliotek og utvikling av teneste og kan søke.
Søkjar må ha førarkort og kunne disponere bil
Interesse for formidling og bruk av digitale plattformer
Kompetanse på digitale spel
Kreativ og initiativrik
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Gode evner til samarbeid og relasjonsbygging
Ryddig og strukturert

Oppgåver
Samarbeid og utlån ved kvar skule
Planarbeid knytt til opplæringsplan for skulebibliotek
Formidling av barnelitteratur til klasser og grupper
Planlegging og gjennomføring av arrangement og utstillingar
Daglege driftsoppgåver, Katalogisere, registre
Kontaktledd og koordinering av samarbeid mellom biblioteket og andre aktørar i kommunen og skulane
Tilrettelegging for utvikling av biblioteket i sin heilskap, vere bindeledd og hjelpe til med samordning med skulebibliotek
som spesialfelt

Me tilbyr
Ei spanande stilling i eit godt arbeidsmiljø
Lønn- og tilsettingsvilkår o samsvar med lov- og avtaleverk
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP

Meir om søknaden
Nærare opplysingar om stillinga, får ein ved å venda seg til:

Kulturleiar Christel Møvik-Olsen eller Bibliotekleiar Kari Fauskanger tlf. 5638 20 00

Øygarden kommune ber alle søkjarar å søkja på stillingar via vårt digitale søknadssenter
http://min.e-kommune.no/oygarden_kommune/ For ytterlegare informasjon og rettleiing kring
det digitale søknadssenteret, ta kontakt med servicetorget på tlf: 56 38 20 00.

Vi gjer merksam på, jamfør Offentlegheitslova § 25, at opplysningar om søkjar kan verta gjort offentleg, sjølv om søkjar
har oppmoda til ikkje å verta ført opp i
postjournalen. Søknad om unnatak frå § 25 må vera grunngjeven. Dersom søknad ikkje vert teken til følgje, vil søkjar
verta varsla om dette.

Attestar og vitnemål skal ikkje sendast inn, men vert teken med i original og kopi ved eit eventuelt intervju.


Søknadsfrist: 13.03.2019 Utlyst dato 20.02.2019 Vårref: Gungau

Kontaktperson
Christel Møvik-Olsen, Kulturleiar, mobil: 98637225, chmo@oygarden.kommune.no
Rune Landro, Kommunalsjef barnehage- og skule, mobil: 93817044, Rune.Landro@oygarden.kommune.no

Om arbeidsgiveren

Øygarden kommune er ein framtidsretta kyst- og industrikommune nordvest for Bergen med omlag 5000 innbyggjarar. Reisetida frå Bergen til kommunesenteret på Rong er ca 40 minutt. Fjell, Sund og Øygarden har vedteke å slå seg saman frå 2020. Nye Øygarden kommune vert då den nest største kommunen i Hordaland med 40 000 innbyggjarar. Dei tre kommunane samarbeidar allereie tett. Etablering av vår nye kommune er eit omstillings- og utviklingsprosjekt som vil få stor betydning både for innbyggjarar og tilsette. Me søkjer etter medarbeidarar som ønskjer å vera med på laget.

Sektor
Offentlig
Sted
TERNHOLMVEGEN 2, 5337 Rong
Bransje
Arkiv og bibliotek
Stillingsfunksjon
Arkivar og bibliotekar

Nøkkelord

bibliotekar, bibliotek, lærar, registrering

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Christel Møvik-Olsen
Stillingstittel
Kulturleiar
Telefon
98 63 72 25
Kontaktperson
Rune Landro
Stillingstittel
Kommunalsjef B-hage/Skule
Telefon
93 81 70 44
Følg firma
132 følger dette firmaet

TERNHOLMVEGEN 2, 5337 Rong

Annonseinformasjon

FINN-kode 140769939
Sist endret 15. mar. 2019 00:16

Rapporter annonse