Sommarvikar ved Bryneheimen og Sivdamheimen
- Arbeidsgiver
- Time kommune
- Stillingstittel
- Sommarvikar, institusjon
- Frist
- 03.03.2019
- Ansettelsesform
- Fast
Me søkjer
ferievikarar i tidsrommet 24. juni - 18. august på Sivdamheimen og Bryneheimen. Spesifiser kva periode du kan arbeida.
Du legg inn søknad ein gong under den avdelinga du primært ønsker å jobbe. Viss du samstundes er interessert i å søkja i ei av dei andre einingane, kan du skriva dette i søknaden.
Om arbeidsplassen
Institusjonen Bryneheimen og Sivdamheimen som ligg i Bryne sentrum har ledige sommarjobb for sommeren -19. Me kan tilby ein spanande og allsidig jobb med trivelege kollegaer. Vil du vera med å gje god omsorg og bringe livsglede til våre pasienter, søk på stilling hos oss!
Me ynskjer å skape tryggleik og trivsel i kvardagen både for tilsette og pasientar.
Kvalifikasjonar
Er du fagutdanna, elev, student eller har erfaring innan pleie og omsorg, vil me gjerne at du tek eit ferievikariat hos oss.
Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentera at du har språknivå tilsvarende B2. Gjeld ikkje søkjarar med eit skandinavisk språk som morsmål.
Det er krav om godkjent autorisasjon for fagutdanna
Me tilbyr
- Godt arbeidsmiljø med fokus på fag og trivsel.
- Kommunale lønns- og tilsettingsvilkår samt stipendordningar til studentar innan sjuke- og vernepleie.
- Studentavlønning for sjuke- og vernepleiar, samt barnevern, sosionom, fysioterapi og ergoterapi studentar.
Andre krav
- Du må vera fylt 18 år
- Det er krav om politiattest
- Registrer telefonnummer i søknaden din
- Kvalifiserte søkjarar som kan arbeida heile ferien vert prioritert.
Elektronisk søknadsprosess
Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.
Om arbeidsgiveren
“Me skal gjera kvarandre gode” er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, tilsette, besøkjande og næringsliv.
Time kommune har 18 800 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 15
- Sted
- P.B. 38, 4340 Bryne
- Bransje
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell
Nøkkelord
studentar, institusjon, eldre, demens, korttids
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Marianne Bratteteig
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar
- Telefon
-
47 82 49 49
51 77 63 66
- Kontaktperson
- Sølvi Vigesdal
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar
- Telefon
-
97 74 02 18
51 77 65 71
P.B. 38, 4340 Bryne