Utløpt

Rovviltkontakt Bykle, Valle, Setesdalen/Setesdalsheiene

Arbeidsgiver
Miljødirektoratet
Stillingstittel
Rovviltkontakt Bykle, Valle, Setesdalen/Setesdalsheiene
Frist
29.01.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med MILJØDIREKTORATET

Stillingar som rovviltkontakt, fast tilsette på tilkalling i Statens naturoppsyn (SNO), er spennande stillingar der ein får jobbe i felt med innsamling av viktige data som har stor tyding for forvaltinga av store rovdyr. Stillingane er lokale, knytte til ein eller fleire kommunar, og det er viktig at rovviltkontakten kan løyse oppgåvene i god kontakt og dialog med beitebrukarar og lokalsamfunn for øvrig. Rovviltkontakten utfører oppgåver på dei arbeidsområda og i det geografiske området som blir fastsett av fagansvarleg for rovvilt i lokal SNO. Oppgåvene blir løyste i tråd med fastsette instruksar og for øvrig på den måte og i den prioritet som blir fastsett av SNO.

Arbeidet som lokal rovviltkontakt er eit attåtarbeid eller bistilling til anna hovudinntekt. Arbeidet er utprega sjølvstendig, og arbeidstida vil vere hendingsstyrt, varierande og avhengig av behov. Det blir understreka at den einskilde arbeidstakaren sjølv må kontrollere at den samla arbeidsbelastinga i hovudarbeidet og i arbeidet som rovviltkontakt ikkje overstig det som er forsvarleg.

Det ligg ikkje naturoppsynsmakt i rolla som rovviltkontakt. Arbeidsoppgåva krev god rolle- og aktørforståing, og at policyen og HMS-reglementet til arbeidsgivaren innanfor rørte arbeidsområde og oppgåver blir følgde. Rovviltkontakten pliktar å delta på kurs og andre kompetansehevande tiltak i regi av SNO.

Oppgåver og resultatansvar:

  • Gjennomføre skadedokumentasjon i felt ved mistanke om rovviltskadar på husdyr.
  • Kontrollere tilfeldige meldingar om rovvilt, som har prioritet for registrering i henhald til overvakingsprogrammet for rovvilt. Kvalitetssikre og rapportere innsamla faglege data i henhald til instruksar.
  • Planleggje og organisere eige feltarbeidsområde innanfor gjeldande instruksverk og retningslinjer.
  • Eigenadministrasjon innanfor timelister og reiserekningar mv.
  • Avlaste kollega innan ansvarsområde ved behov.
  • Bistå ved opplæring av nytilsette rovviltkontaktar.
  • Rovviltkontakten kan ved behov bli forespurd om oppdrag utanfor kjernefunksjonen.
  • Arbeidsoppgåva er hendingsstyrt og krev moglegheit for stor fleksibilitet med henhald til planlegging og gjennomføring.
  • Kontakt med lokale beitebrukarar, rørte kommunar, grunneigarar, lokale samarbeidspartar, interesseorganisasjonar og publikum.
  • Kan etter behov ha informasjons- og representasjonsoppgåver for SNO.

Kvalifikasjonar:

  • Det blir ikkje stilt krav til formell utdanning, men det blir kravt god generell feltkompetanse og erfaring frå sjølvstendig arbeid, samt allmenne gode kunnskapar om bruk av dataverktøy.
  • Det blir kravt god lokalkunnskap og godt omdømme i lokalt arbeidsområde.
  • God evne til positiv relasjons- og tillitsbygging mot rørte brukargrupper er nødvendig.
  • Erfaring frå samarbeid innanfor beitenæring/ -organisasjonar vert tillagt vekt.
  • Kompetanse innan fagområdet, samt felterfaring frå rovviltarbeid vert tillagt vekt.
  • Gode kunnskapar om bruk av GPS er ein fordel.
  • Innsikt og kunnskap når det gjeld rovviltforvalting generelt og verksemda til SNO spesielt vert tillagt vekt.

Vi tilbyr:

  • Fast stilling på tilkalling, inntil 300 timar pr. år.
  • Lønn som teknikar, med for tida kr. 195,20,- pr. time i Statens lønnsregulativ.
  • Opplæring i arbeidsgivar sin policy, metodar og HMS-reglement.

Kvinner blir oppfordra til å søkje.

Søkjarar må ha godt lokalt omdømme og god vandel. Det vil bli innhenta referansar på aktuelle søkjarar frå kommunen og lokal beitenæring.

Kontaktperson for stillinga er regionalt rovviltansvarleg i SNO, Jon Erling Skåtan, tlf. +4748254803. E-post jon.erling.skatan@miljodir.no.  

Du sender søknad med vitnemål og attestar elektronisk gjennom www.jobbnorge.no.

Det vil bli utarbeidt offentleg søkjarliste ved søknadsfristen sitt utløp. Opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjord sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jamfør offentleglova §25. Dersom oppmodinga ikkje vert etterkomme, skal søkjaren ha melding og bli gitt høve til å trekkje søknaden sin.

Her er lenkje til personvernerklæringa vår.

Referanse: 4-2019 SRD    Søknadsfrist: 29.01.2019

Om arbeidsgiveren

Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Våre hovudoppgåver er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining. Vi er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet og har i underkant av 700 tilsette ved våre to kontor i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine meir enn 60 lokalkontor.

Sektor
Offentlig
Sted
Bykle, Valle, 4754 Bykle
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Annet
Følg firma
2609 følger dette firmaet

Bykle, Valle, 4754 Bykle

Annonseinformasjon

FINN-kode 138119683
Sist endret 15. jan. 2019 10:25

Rapporter annonse