Utløpt

Kundesentermedarbeidarar - kveld, helg og feriar

Arbeidsgiver
Voss Fiber AS
Stillingstittel
Kundehandsamar
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Engasjement

Til vårt kundesenter på Voss søkjer me motiverte og læringsvillige kundehandsamarar som ynsker å gje kunden ei god oppleving gjennom service og meirsalg. Stillingane er fleksible og passar derfor godt til studentar og skuleelevar.. Som kundehandsamar - deltid må det også kunne påreknast jobb i feriar og høgtider. Etter opplæring kan det vera mogleg å jobba heimefrå i periodar.

Dine arbeidsoppgåver

Svara på innkommande kundehenvendingar på telefon, epost og chat via vårt kundesystem
Hjelpa privatkundar med alle henvendingar i tilknytning deira internett eller TV-abonnement.
Aktivt meirsalg av Voss Fiber sine abonnement og tenester.


Du får:

Konkurransedyktig timelønn
Grundig opplæring og tett oppfølging
Moglegheit for personlig og faglig utvikling


Du er:

Imøtekommande og likar å hjelpa andre, og har god teknisk forståelse.
Motivert (og ynskjer å lykkast med sal og service)
Fleksibel, og trivast med å jobba sjølvstendig
Resultat- og målbevisst
Nøyaktig og opptatt av å levera kvalitet i dine svar og løysningar.


Kvalifikasjonar:

Du har gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg.
Du trivst med å snakka med menneske og samtidig bruka PC som arbeidsverktøy.
Kan enkelt identifisere og forstå kunden sine behov, og kommunisera ei løysing.
Erfaring frå kundeservice og/eller salg er ein fordel.


Arbeidstid:

Aktuelle arbeidstider er 1530 - 2100 kvardagar, 10-16 laurdagar og 12-15 søndagar. Du vil inngå i ei vaktordning, og det kan påreknast 1-2 vaktar pr veke. Det må også kunne påreknast jobb i feriar og høgtider.


Høyres dette spennande ut?

Då ser me fram til å høyra frå deg! Søknad med CV sender du tll johannes.rongve@vossfiber.no. Me evaluerer kandidatar fortløpende til stillingane. Søknadsfrist snarast.

Om arbeidsgiveren

Voss Fiber er Voss sin største fiberleverandør, med over 3000 kundar i privat- og bedriftsmarknaden i Voss kommune. Me byggjer og drifter fibernett, og leverar internett over eigen internettaksess, og tv som Get-partner. Sidan starten i 2013 har me hatt stor vekst, og i dag er me 6 tilsette med kontor på Voss.

Voss Fiber er eit dotterselskap av Voss Energi. Du kan lesa meir om oss på våre nettsider, www.vossfiber.no

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Antall stillinger
4
Sted
Dalsmoen 17, 5709 Voss
Bransje
Internettbaserte tjenester,
Telekommunikasjon
Stillingsfunksjon
Kundeservice,
Salg

Nøkkelord

Deltid, kundeservice, fiber, salg

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Johannes Rongve
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
Vis telefonnummer

Dalsmoen 17, 5709 Voss

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 137062417
Sist endret 5. apr. 2019 10:16

Rapporter annonse