Når annonsen er aktiv kan du tipse en venn Når annonsen er aktiv kan du dele på Facebook Når annonsen er aktiv kan du dele på Twitter
Utløpt

Teiknspråktolk / teiknspråklærar

Arbeidsgiver
Hå kommune
Stillingstittel
Teiknspråklærar
Sted
Varhaug
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

Varhaug skule har ledig 50% fast stilling som teiknspråktolk/lærar med teiknspråkkompetanse. Stillinga er knytt til ein elev med vedtak heimla i opplæringslova § 2-6.

Varhaug skule har visjonen "Me løfter kvarandre". Dette forpliktar. Me ønskjer å løfta alle 495 elevane og 70 tilsette. For å få dette til har me hjelpeomgrepa relasjon, læring og ambisjon. Personen me søkjer, må dela denne innstillinga. For at me skal klara og løfta kvarandre må me byggja på gode relasjonar, byggja læringa på dette og ha ambisjonar om at alle kan koma langt.

Arbeidsoppgåver
- tolka og følgja opp elev i klasse
- undervisning i faget teiknspråk
- kanskje noko fjernundervisning
- Samarbeida med teiknspråklærar
- samarbeida med kontaktlærar

Vi søker
- ein som har eleven i fokus
- er fagleg sterk
- legg vekt på relasjonar
- har gode leiareigenskapar
- er løysingsorientert
- er offentleg godkjent tolk for hørselshemma/godkjent pedagogisk utdanning med minst 30 studiepoeng vidareutdanning i teiknspråk

Anna relevant utdanning eller erfaring kan og vere aktuelt. Attestar og vitnemål tas med til intervju.

Vi tilbyr
- kjekke og positive elevar
- kjekke og positive vaksne
- eit godt fagmiljø med teiknspråklærar
- eit positivt arbeidsmiljø
- engasjerte vaksne
- ein skule i utvikling

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.  Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.

Søknad sendast
Hå kommune oppfordrar alle til søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt med lonn@ha.kommune.no dersom du har problem med innlogging.

Om arbeidsgiveren

Hå kommune ligg sentralt på Jæren, omtrent 1/2 time reisetid med Jærbanen frå Stavanger.
Kommunen har ca 18.000 innbyggjarar, ei velfungerande skuledrift, full barnehagedekning og gode helsetilbod. Kommunen driv aktiv næringsutvikling. Dugnadskommunen Hå har eit rikt og variert organisasjonsliv og mange tur- og friluftsområde frå hav til hei.

Omfang
Deltid
Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusvegen 8,
4360 Varhaug
Bransje
Offentlig administrasjon,
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk

Rapportér annonse

FINN-kode
133546329
Sist endret
8. nov 2018 14:52

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Johan Omland
Stillingstittel
Rektor
Telefon
415 32 693
Følg firma
122 følger dette firmaet

Rådhusvegen 8, 4360 Varhaug

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapportér annonse

FINN-kode
133546329
Sist endret
8. nov 2018 14:52