Kokk 80 %-stilling, Heggedal
- Arbeidsgiver
- Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)
- Stillingstittel
- Kokk 80 %-stilling, Heggedal
- Frist
- 30.10.2018
- Ansettelsesform
- Fast
Arbeidsoppgåver
- lage og leggje opp kald og varm mat
- i periodar delta i anna arbeid medrekna reinhald
- tenesta inngår i ei turnusordning
Kvalifikasjonar
- Det er krav om:
- god evne til å lage variert og innbydande mat
- meistre norsk som arbeidsspråk
- god fysisk helse
- Det er ønskjeleg med:
- erfaring frå institusjonskjøken eller tilsvarande
Eigenskapar
- serviceinnstilt og ansvarsfull
- gode samarbeidsevner
- nøyaktig og systematisk
- nysgjerrig
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 80%
- sjølvstendige arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
- løn som kokk (1184), årsløn kr 381.100 - 397.200 (ltr. 40 - 43) avhengig av kvalifikasjonar. Frå løna vil det bli trekt 2% pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse
- gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse
Generelle opplysninger
- DSB legg vekt på mangfald, og oppmodar difor alle kvalifiserte til å søkje - uansett alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn eller hol i CV. DSB jobbar for å realisere inkluderingsdugnaden til regjeringa med mål om at 5 % av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV. Som IA-verksemd legg vi vekt på å leggje arbeidstilhøva til rette for medarbeidarar med redusert funksjonsevne.
- Søkjarar oppmodast til å laste opp attestar og vitnemål i den elektroniske rekrutteringsløysinga. Originale attestar og vitnemål takast med til eit eventuelt andregongsintervju.
- I samsvar med Offentleglova § 25 kan søkjarlister bli offentleggjorde.
Om skulen og stillinga
NUSB har som overordna mål å formidle kompetanse om samfunnstryggleik og beredskap til sivilt og militært personell på lokalt, regionalt og sentralt nivå. Årleg blir det arrangert ca. 40 kurs for 600 personar og det går føre seg eit utviklingsarbeid for å tilpasse kursporteføljen til eit samfunn i stadig endring.
NUSB har undervisningsfasilitetar, opphaldsrom, kjøken, 30 forlegningsrom og kontor. Utdanningssenteret er kjent for å tilby god service til alle som deltek på dei mange kursa ved senteret.
Kjøkenet er kjent for å tilby god mat til alle som deltek på dei mange kursa ved senteret. Det er 17 tilsette, av desse fem medarbeidarar på kjøkenet - husøkonom og kjøkensjef i full stilling, attåt tre kokkar i deltidsstillingar. Stillinga rapporterer til kjøkensjefen fagleg, og til seksjonssjef personalmessig.
Det blir servert frukost, varm lunsj og middag gjennom heile undervisningsåret.
For meir informasjon om skulen, sjå her
Om arbeidsgiveren
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet og har ei viktig rolle i å understøtte departementet sitt ansvar for å samordne det nasjonale samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet. Visjonen til Direktoratet er eit trygt og robust samfunn – der alle tek ansvar. DSB skal ha oversikt over risiko og skadefare i samfunnet. Direktoratet skal vere pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulykker, kriser og andre uønskte hendingar, og skal sørgje for god beredskap og effektiv ulykkes- og krisehandtering. DSB har totalt i overkant av 700 tilsette, av desse er om lag 300 ved hovudkontoret i Tønsberg. www.dsb.no
I DSB jobbar vi kvar dag for å innfri verdiane våre om å vere tillitsskapande, kompetente lagspelarar.
_______________________________________________________________________________________________
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Underlandsveien 9, 1389 Heggedal
- Bransje
- Restaurant, mat og uteliv
- Stillingsfunksjon
- Mat og servering / Kjøkken- og kantinemedarbeider,
- Mat og servering / Kokk
Nøkkelord
kjøkken, matlaging, kokk, kantine
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Jan-Ivar Meldre
- Stillingstittel
- seksjonssjef
- Telefon
- 99 09 46 09
Underlandsveien 9, 1389 Heggedal