Utløpt

Lærar ved Ostereidet barneskule

Arbeidsgiver
Lindås kommune
Stillingstittel
Undervisningsstilling
Frist
17.09.2018
Ansettelsesform
Vikariat

Ostereidet barneskule

Ostereidet barneskule ligg på Ostereidet. Skulen har gode fasilitetar med eit moderne preg.Vi har tilgong til både gymsal og basseng i tilegg til ei kunstgrasbane. Hovedbygningen stod ferdig i april 2005 og ligg like ved Ostereidet ungdomsskule. Det er omlag 15 tilsetteved skulen og vel 100 elevar. Administrasjonsressursen er 120% fordelt på rektor og inspektør.

 

Kort om stillinga

Vi har frå snarast ledig 50 % mellombel sstilling som grunnskulelærar ved Ostereidet barneskule. Vikariatet vil vare fram til 31.07.2019. Arbeidsdagar er vi fleksibel på, og det vil vere høve å arbeide meir i vikartimar som dukkar opp.

 

Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva dette skuleåret vil vere å arbeide med tilpassa opplæring med vekt på tidleg innsats på 1.-4. trinn. Du vil få ansvar for å undervise og følgje opp einskildelevar og grupper med elevar som treng intensiv opplæring i spesielt lesing, skriving og rekning.

 

Kompetanse

Pedagogisk utdanning, fortrinnsvis undervisningskompetanse i norsk og matematikk, og gjerne erfaring frå å jobbe med lese, skrive og rekneopplæring med dei yngste elevane. Du vil samarbeide tett med kollegaer på 1.-4. trinn om undervisning og organisering. Våre lærarar oppdaterer seg fagleg og deltar aktivt i trinnsamarbeid og felles utviklingsarbeid. Vi ønskjer ei medarbeidar som er engasjert i elevane si
læring, og som har fokus på å skape gode relasjonar og læringssituasjonar for elevane. Vi ønskjer at du tar initiativ og er kontaktskapande, at du er fleksibel, god til  samarbeide, sjølvstendig og at du deltar
i skulen si faglege utvikling. Du må tåle eit høgt arbeidstempo og stadige endringar.

 

Vi tilbyr

Lønn- og tilsetjingvilkår i samsvar med gjeldande  lov- og avtaleverk.

Ein arbeidsplass med varierte arbeidsoppgåver og eit godt miljø.

 

Søknad

Send søknad via vårt elektroniske søknadssystem.



 

Om arbeidsgiveren

Lindås kommune er nabokommune til Bergen med ca. 15.400 innbyggjarar. Ein vekstkommune med godt utbygde tenester og eit variert næringsliv. Knarvik er kommunesenter og regionsenter for Nordhordland. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.Vår visjon er å vera ein kommune der draumar blir røyndom, derfor ønskjer vi å vera kvalitetsbevisst, framtidsretta, inkluderande og tenestevilleg.

Sektor
Offentlig
Sted
Eidavegen 576, 5993 Ostereidet
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Johnny Danielsen
Stillingstittel
rektor
Telefon
56 37 55 72
99 53 28 53
Følg firma
65 følger dette firmaet

Eidavegen 576, 5993 Ostereidet

Annonseinformasjon

FINN-kode 127200565
Sist endret 19. sep. 2018 00:33

Rapporter annonse