Utløpt

Kvilande nattevakt

Arbeidsgiver
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Stillingstittel
Kvilande nattevakt
Frist
02.09.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)

Stavanger Akuttsenter avdeling Madla har 2 ledige faste stillingar i 49,74% som kvilande nattevakt. Avdelinga har p.t. 2 kvilande- og 1 vaken nattevakt i turnus kvar natt. Kvilande nattevakter har eiga soverom - og vert lønna med 1/3 timelønn i tidsrommet kl 0000-0600. Lønnsprosenten vert p.t. 26,51%. Arbeidstidsordning er p.t. inntil 10 timars vaktar, med arbeid kvar 4. helg.

Arbeidsoppgåver / ansvarsområde

  • Målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid med bebuarane i tråd med traumebasert omsorg. Delta på/ ansvar for inntak, overlapping, praktiske oppgåver og vedlikehald i og rundt avdelinga/bustaden, forberede frukost og følgje opp morgon/ legge rutinar.
  • Samarbeid med foreldre/føresette, sosialt nettverk, kommune, inntak og oppfølging, skule og andre viktige samarbeidspartnarar rundt den einskilde ungdom. Rapportskriving og anna dokumentasjon. Gjennomføre oppgåver som ligg i stillingsskriv. For kvilande vakter må ein pårekna at det førekjem utrykking (dette gir overtidsbetaling).

Kvalifikasjonar

  • Det er ynskjeleg med 3- årig sosialfaglig høgskuleutdanning. Det er vidare ynskjeleg med relevant erfaring som nattevakt på institusjon innan barnevern eller psykiatri/rus, fortrinnsvis med ungdom som målgruppe. God skriftleg framstilling og god kunnskap om bruk av IKT verktøy. Førarkort for personbil. Institusjonen disponerer eigne biler.

Kven søkjer vi?

  • Vi søkjer deg som har evne til å ta ansvar, er sjølvstendig, trygg i vaksenrolla og som kan romme ungdommane og deira behov. Du må ha evne til å oppretthalde god struktur og eit fagleg perspektiv. Du er fleksibel og trives med store utfordringar og du har evne til hurtig omstilling. For deg er medverknad og samarbeid med familie, nettverk og andre samarbeidspartnarar ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet. Personlege eigenskapar vert vektlagt.
  • Vi tilstreber ei lik kjønnsfordeling blant tilsette på våre institusjonsavdelingar. Dette med bakgrunn i eit balansert arbeidsmiljø, gitte føringar i Rettighetsforskriften (som omhandlar blant anna urinprøvetaking og kroppsvisitering, og at dette skal utførast av tilsette med same kjønn som brukar), samt den miljøterapeutiske tilnærminga kor vi meiner at brukaren i gitte situasjonar vil dra nytte av å møte medarbeidarar av same kjønn. På bakgrunn av dette oppmodar vi menn til å søkje.

Vi tilbyr

  • Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ som kode 1494 sosionom, 1495 barnevernspedagog eller 1508 vernepleiar i lønnsramme 15, alt. 3-11, lønnstrinn 38-59 (pt.kr 371 500 - 515 200 pr. år), eller som kode 1486 miljøarbeidar i LR 04, alt. 3-11, ltr. 23-40 (kr. 310 900-381 100 pr. år).
  • Vi gjer oppmerksam på at kvilande natt blir lønna kvar tredje time i tidsrommet 00-06. Lønn og kode vert vurdert etter utdanning og erfaring. Turnustillegg kjem i tillegg. Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. Medlemskap i Statens Pensjonskasse jf. Lov om Statens Pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring. Opplæringsprogram, rettleiing og arbeid på ein institusjon i fagleg utvikling.
  • Ein hektisk kvardag med spennande utfordringar i eit godt samarbeidsmiljø.

Generelle opplysningar

  • Bufetat ynskjer å vera ein arbeidsgjevar som gjenspeglar mangfaldet i samfunnet og som utnyttar potensialet i dei samla kompetansane til befolkninga. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkja jobb hos oss. Bufetat jobbar for å realisera regjeringa si inkluderingsdugnad om at 5 % av faste nytilsetjingar i staten skal vera personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.
  • Stillingane er for tida lagt til Stavanger Akuttsenter.
  • Politiattest vert kravd framlagt ved tiltredinga, jf. lov om barnevern § 6-10 og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Bufetat er ei IA (Inkluderande Arbeidsliv) -verksemd.
  • Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova), § 25.

 

Kontaktpersonar for stillinga

Monica Gravdal (avdelingsleiar Røyneberg), tlf. 4661 9483 - monica.gravdal@bufetat.no

Cathrine Lea (koordinator Madla), tlf. 4661 9336 - cathrine.lea@bufetat.no 

 

Søknad med CV vert å senda elektronisk via lenkje på denne sida.

Vitnemål samt attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit evt. intervju eller leggjast ved elektronisk.

Søknadsfrist: 02.09.2018

 

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal vere sikra riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat er organisert under Barne- og likestillingsdepartementet.


Bufetat, region vest femnar om fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, med regionkontor som ligg i Bergen. Stavanger Akuttsenter tek imot ungdom plassert etter Lov om Barneverntenester §§4-6, 4-12 og 4-25 jf. 4-24. Vi har to institusjonsavdelingar med plass til totalt åtte ungdommar i alderen 13-18 år. Ungdommane bur på institusjonen inntil akuttsituasjonen er avklart - med eit mål innan 28 dager. Opphaldet i institusjonen skal bidra til utgreiing og kartlegging i forhold til eventuelle vidare tiltak.


Senteret har og 79 beredskapsheimar fordelt på to avdelingar - ein i Haugesund og ein i Stavanger. Vi bistår heile Rogaland og tar i mot ca. 350 barn i året.


Det å jobbe i akutten byr på spennande utfordringar, høgt tempo og varierte oppgåver. Vi set kvalitet høgt, har et godt fagmiljø med eigne arbeidsmodellar, internt opplæringsprogram og eiga fagavdeling. Vi tilbyr gode høve for utvikling, rettleiing, og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Kompani Lingesvei 23, 4045 Hafrsfjord
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sosionom
Følg firma
4221 følger dette firmaet

Kompani Lingesvei 23, 4045 Hafrsfjord

Annonseinformasjon

FINN-kode 126913479
Sist endret 20. aug. 2018 10:46

Rapporter annonse