Utløpt

Leiar barn og unge

Arbeidsgiver
Time kyrkjelege fellesråd
Stillingstittel
Leiar barn og unge
Frist
01.06.2018
Ansettelsesform
Engasjement

Likar du å jobba med barn på steget til ungdomstida?

Ønskjer du å gje dei eit møte med Jesus og ein verestad i kyrkja?

Kanskje er du den Lye forsamlingsstyre, i samarbeid med Time sokneråd, leiter etter. Du får vera med å skapa treffstadar for barn/unge på Lye forsamlingshus.

Arbeidsoppgåver:

Starta opp nytt arbeid for aldersgruppa 10-15 år.
Byggja opp leiartrening for aldersgruppa.

Samarbeida tett med trusopplæringa i Time sokn.

Samarbeida med anna arbeid for aldersgruppa på Lye.

Hjelpa barn/unge å høyra til på Lye forsamlingshus, veksa i tru og finna si teneste.

Skapa ein open veg inn i konfirmantarbeid og anna ungdomsarbeid.

Rekruttere, utruste og vegleia frivillige medarbeidarar.


Endeleg stillingbeskriving og arbeidsplan blir utarbeidd i samarbeid med den som vert tilsett.


Arbeidet er i stor grad ettermiddags-, kvelds- og helgearbeid.

Kvalifikasjonar:

Ønskjeleg med

-Utdanning innan barne- og ungdomsarbeid.
-Utdanning innan eller god kjennskap til kristen tru
-Erfaring frå kristent barne- og ungdomsarbeid

Søkjarar må dela Den norske kyrkja si tru og vedkjenning. 

  • Personlege eigenskapar

    Kreativ og nytenkjande

    Engasjert og initiativrik

    Fleksibel og løysingsorientert

    Gode kommunikasjons- og formidlingsevner i møte med barn og unge.

    Strukturert med evne til å planlegga langsiktig.

    Evne til å jobba sjølvstendig og til å samarbeida med stab og frivillige.

      

    Vi tilbyr

    Tilsetting i Time kyrkjelege fellesråd. Stillinga er finansiert gjennom gjevarteneste.

    Godt og inspirerande arbeidsmiljø på Time kyrkjekontor

    Utfordrande  arbeidsoppgåver  og engasjerte kollegaer

    Løn etter avtaleverket på kyrkjeleg sektor

    Medlemskap i KLP

    Fleksibel avspasering

    Det daglege arbeidet blir leia av  Lye forsamlingstyre/ Time sokneråd.

    Jamnlege vegleiingssamtalar

     

    Anna

    Tid for oppstart etter avtale.

    Den som blir tilsett må leggja fram tilfredstillande politiattest (barneomsorgsattest)

    Opplysningar om samlivsform vil kunne bli innhenta og vektlagt ved tilsetting, jmfr. Arbeidsmiljølova §13,3.

    Personlege eigenskapar blir vektlagt ved tilsetting.





Sektor
Offentlig
Sted
4349 Bryne
Bransje
Kirke og menighet
Stillingsfunksjon
Omsorg og sosialt arbeid,
Undervisning og pedagogikk

Nøkkelord

barn, ungdom, trusformidling, barnegrupper, jesusglede

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Liv Heidrun Heskestad
Stillingstittel
Leiar i Lye forsamlingsstyre
Mobil
Vis telefonnummer

4349 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 119689254
Sist endret 15. jun. 2018 13:54

Rapporter annonse