Utløpt

Rådgjevar (50 %) ved REK vest

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Rådgjevar (50 %) ved REK vest
Frist
13.05.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Bergen

Ved Regional komité for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk Vest-Noreg (REK vest) er det ledig ei fast stilling (50%) som rådgjevar.

 

REK vest er eit sjølvstendig forvaltningsorgan som administrativt er underlagt Det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen. REK vest har kontor i Armauer Hansens Hus og har 4 tilsette. For meir informasjon sjå: http://Helseforskning.etikkom.no .

 

Komité sine hovudoppgåver er

  • å rettleie og å gje råd om forskingsetiske spørsmål
  • å bidra til at dei forskingsetiske prinsippa vert kjend
  • å førehandsvurdera søknadar som gjeld igangsetjing av forskingsprosjekt

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for og koordinering av ein komité (funksjonstittel er komitésekretær)
  • Førebu og ferdigstille saker for komiteen, rettleie søkjarar, og bidra i opplæring og kurs for forskingsansvarlege institusjonar
  • Ta stilling til og grunngje prinsipielle og praktiske spørsmål av vitskapleg, juridisk og etisk art som er handsama i komiteen
  • Elles utføre alle typar sakshandsaming innafor sekretariatet sitt arbeidsfelt

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad eller tilsvarande utdanning fortrinnsvis i juss.
  • Det vil bli lagt vekt på erfaring frå tilsvarande arbeid, med kjennskap til helseforskingsloven og offentleglova.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med god munnleg og skriftlig framstillingsevne på norsk og engelsk.
  • Engasjement og interesse for forskingsetiske problemstillingar.
  • God administrativ IT - kompetanse.

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 57-60 etter kvalifikasjonar (for tida kr 490 900 - 517 700) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Kontorsjef ved REK vest Anna Stephansen, tlf. 55978496, e-post anna.stephansen@uib.no.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 


Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja Søk stillingen på denne sida.

 

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

 

Om arbeidsgiveren

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 28, 5020 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor,
Jurist,
Rådgivning
Følg firma
1204 følger dette firmaet

Haukelandsveien 28, 5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 118500246
Sist endret 20. apr. 2018 00:00

Rapporter annonse