Utløpt

Pedagogisk psykologisk rådgjevar

Arbeidsgiver
Fusa kommune - Undervisning
Stillingstittel
Pedagogisk psykologisk rådgjevar
Frist
08.04.2018
Ansettelsesform
Fast
.
Pedagogisk-psykologisk tjeneste skal bistå barnehagane og skulane i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å fremja inkluderande og tilpassa opplæring og eit godt læringsmiljø for alle. Me er opptekne av førebygging og tidleg innsats og jobbar ut frå ein systemretta og heilhetleg forståing.

PPT treng ulike typer stillingar (60% til 80%), med moglegheit for auke. Noko fast og noko vikariat. Ein ynskjer at både logopedar og pedagogar/spesialpedagoger søkjer. Noko av logoped stillinga vil vera retta mot lavterskel logoped tilbod, kartlegging og veiledning til skule og barnehage.

Stillingene skal dekkja dei sentrale arbeidsoppgåvene i PPT; bistå skular og barnehagar med kompetanse- og organisasjonsutvikling, samt gjennomføra kartleggings- og sakkyndighetsarbeid, rådgjeving og veiledning, samt noko lavterskel logopedi.

Arbeidsoppgåver

  • Som pedagogisk-psykologisk rådgivar vil du:
  • Utreda barn og unges funksjonsnivå i barnehage og skule.
  • Utarbeida sakkyndige vurderingar.
  • Gje veiledning til barnehage, skule og heim.
  • Samtale med barn og unge.
  • Samarbeide tverrfagleg/tverretatleg rundt barn og unge.
  • Lavterskel logoped arbeid med barn.

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning på master-/hovedfagsnivå, eventuelt embedseksamen med relevante fag i fagkretsen (pedagogikk, spesialpedagogikk, logoped). Eventuelt tilsvarende.
  • God kjennskap til barn og unge med spesielle behov. Helst har du erfaring fra PPT, skule, barnehage eller andre relevante institusjonar.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftlig.
  • Relevant test- og utredningskompetanse.

Utdanning

  • Høgskule / Universitet, Hovudfag / Mastergrad
  • Pedagogikk

Eigenskapar

  • Sjølvstende i arbeidet.
  • Evne til å skapa system og jobba etter det.
  • Må lika å jobba både sjølvstendig og saman med andre i team.
  • Ha stor arbeidskapasitet.
  • Vera løysingsorientert og ha handlekraft.
  • Du må lika å vera tilstades i barnehage og skule.
  • Ha ein grunnleggande serviceinnstilling til brukarar og samarbeidspartnarar.
  • Ynskja å bidra til ein inkluderande barnehage og skule
  • Det blir lagt stor vekt på personleg eigenheit.
  • Du må ha mykje godt humør

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø og godt kvalifisert personale.
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver.
  • Tilsetjing på kommunale vilkår etter gjeldande reglement, lov og avtaleverk.
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår.

Om arbeidsgiveren

Fusa - midt i blinken! Fusa kommune ligg sentralt plassert i Bjørnafjordsregionen midt i Hordaland, ein knapp times reise frå Bergen. Vi har ca 3 800 innbyggjarar, god barnehagedekning og skuletilbod som omfattar vidaregåande skule. Frå naturen si side ligg alt til rette for å leva aktive liv innanfor grøne rammer, frå sjø til snø.

Visjon og slagord for kommunen er "Fusa - midt i blinken!", og vi har som mål å levera treffsikre tenester. På Kommunebarometeret - ei rangering av tenestetilbodet i kommunane - ligg vi i tet i Hordaland. Fusa kommune har ca 470 tilsette. Vi satsar på arbeidsmiljøtiltaket "Fusa i farten" og arbeider i tråd med verdisettet R-O-M-S-L-E-G med tilhøyrande etiske retningslinjer. For alle stillingar i Fusa kommune gjeld desse generelle vilkåra.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Leiro 25, 5640 Eikelandsosen
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Logoped,
Undervisning og pedagogikk / Spesialpedagog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Linda Valle
Stillingstittel
PPT leiar
Telefon
48 94 26 21
Kontaktperson
Janne Martha Efteland Eik
Stillingstittel
Skulefagleg rådgjevar
Telefon
93 40 59 78
Følg firma
15 følger dette firmaet

Leiro 25, 5640 Eikelandsosen

Annonseinformasjon

FINN-kode 116315951
Sist endret 20. mar. 2018 12:44

Rapporter annonse