Utløpt

Miljøterapeut 91,9% - Tenester for utviklingshemma, Bjørnefjorden bufellesskap

Arbeidsgiver
Os kommune
Stillingstittel
Miljøterapeut
Frist
12.03.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Ved Tenester for utviklingshemma, arbeidsstad for tida Bjørnefjorden Bufellsskap, er det frå 01.07.2018 ledig fast 91,90% stilling som miljøterapeut.

Arbeidsstad
Teneste for vaksne utviklingshemma i Os kommune består av 6 bufellesskap og eit dagsenter.
Bjørnefjorden Bufellesskap er eit nyare bufellesskap for 12 unge personar med ulike bistandsbehov.

Arbeidsoppgåver
Stillinga er i hovudsak knytta opp i mot ein tenestemottakar med behov for 2:1 bemanning, og går inn i eit team rundt denne tenestemottakaren.

Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane.
I funksjonen inngår førebygging, habilitering og rehabilitering. Arbeidet består i å yte brukarane den bistanden dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål, ta del i sosiale aktivitetar og gjere brukarane meir sjølvhjelpne.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.

Du må vere villig til å ta på seg hovudkontaktarbeid.
Dette arbeidet inneber å følgje særskilt med ein tenestemottakar sine behov i høve økonomi, helse, dagtilbod,fritidstilbod og hjelp til daglege føremål.
Vidare må du rekne med å arbeide aktivt saman med,  og vere initiativtakar i høve tenestemottakaren sine pårørande,familie, vener og hjelpeapparatet elles.

Stillinga er i langvaktturnus med arbeid 4. kvar helg.

Kvalifikasjonar
Du har relevant helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på bachelornivå. Vidare har du erfaring frå målretta miljøarbeid med personar med utviklingshemming, gjerne innafor autismespekteret. Du har god kjennskap til helse og
omsorgstjenestelova KAP 9.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mulig kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Om arbeidsgiveren

Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.

Nettverk
LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Kuhnlevegen 276-282, 5200 Os
Bransje
Helse og omsorg,
Annet
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sykepleier,
Omsorg og sosialt arbeid

Nøkkelord

Miljøterapeut, vernepleiar, sykepleiar, helse, omsorg

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Torunn Haugen
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
91 16 64 59
Kontaktperson
Svein Jarle Vonli
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
94 83 08 46
Følg firma
481 følger dette firmaet

Kuhnlevegen 276-282, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 114613619
Sist endret 22. feb. 2018 08:50

Rapporter annonse