Utløpt

Vitskapleg assistent

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Vitskapleg assistent
Frist
06.02.2018
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Universitetet i Bergen

Ved Senter for klima og energiomstilling (CET) er det ledig ei 50 % stilling som vitskapleg assistent for ein periode på 2 år. CET er eit nytt tverrfagleg forskingssenter som skal produsere kunnskap om korleis vi kan få til nødvendig samfunnsendring for å møte klimautfordringane.

 

Vi søkjer nå etter ein vitskapleg assistent som i hovudssak vil ha oppgåver knytt til styrking og synleggjering av senteret. Assistenten vil få delta i ei spennande oppbyggingsfase for senteret, inngå i eit dynamisk forskingsmiljø og få gode utviklingsmoglegheiter.

 

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år.

 

Arbeidsoppgåver

  • Utvikling og oppdatering av nettsider
  • Bidra til formidling frå senterets forsking og aktiviteter
  • Organisering av møter, seminar og konferansar
  • Bidra til øvrig administrativt arbeid ved senteret

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad, fortrinnsvis innan relevant tematikk for senteret
  • Kjennskap til/interesse for klima og energiomstilling
  • Erfaring frå kommunikasjonsarbeid/formidling er å føretrekkje
  • God språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftlig

 Personlege eigenskapar

  • Er open, omgjengeleg og fleksibel
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Vi kan tilby

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 42 - 47 ved tilsetjing (Lpl.17.515/ kode 1020/1019). Dette utgjer for tida kr. 386 700 - 416 600. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknad

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk via link på denne sida "søk på jobben".

 

Søknadsfrist: 6. februar 2018

 

Søknaden skal merkast 18/1100

 

Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.

Til informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Forskingskoordinator / Seniorrådgjevar Kårstein Måseide, karstein.maseide@uib.no, telefon: 555 83 083 (jobb), 46 68 00 69 (mobil).

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

 

Om arbeidsgiveren

Sektor
Offentlig
Sted
postboks 7802, 5020 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor,
Samfunnsviter
Følg firma
1204 følger dette firmaet

postboks 7802, 5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 112749968
Sist endret 24. jan. 2018 08:10

Rapporter annonse