Sjukepleiar/vernepleiar 2x80% fast - avd. Fjordheim

Arbeidsgiver
Os kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar 2x80% fast - Avd. Fjordheim
Sted
Os i Hordaland
Frist
22.01.2018
Varighet
Fast

Bli kjent med Os kommune

Ledig faste stillingar

Arbeidsstad
Pleie- og omsorgstenesta, Luranetunet v/avd Fjordheim
Avd. Fjordheim er ei avdeling med 20 plassar for personar med sjukdommen demens. Bebuarane i denne avdelinga er i ein
fase av sjukdommen kor aktiviteter og miljøarbeid er viktig og har derfor høg prioritet. Avdelinga ligg i 1. etasje og har tilgang til
både utvendig sansehage og vår nye flotte Tropehage innandørs. Avdelinga er nyetablert,  november 2017.

Luranetunet opna tilbygg i november 2017 og rommar idag 2 korttidsavdelingar, 7 langtidsavdelingar, dagsenter,
ressurssenter, base for heimetenester og serviceavdelingar. Ønskjer du meir informasjon om Luranetunet, viser vi til
heimesida vår; oskommune.no

Stillinga er i turnus med arbeid kvar 4. helg m/langvakter


Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Du er løysningsfokusert og har god kommunikasjons- og samarbeidsevne
- Det er ønskjeleg at du har erfaring og kompetanse innan demens
- Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått "Bergenstesten" (test i norsk- høgare nivå)
- Utdanning frå utlandet - godkjenning av NOKUT
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr
Arbeid i ei verksemd i utvikling og moglegheit til å vera med å påverka.
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Vi jobbar personsentrert som er anbefalt retningslinje i den nye nasjonale faglege retningslinja om demens. Vi benyttar VIPS
fagmøter som verktøy. Eit fagmiljø som jobbar med å fremja synet om demens i samfunnet og er oppteken av å sjå
mennesket bak sjukdommen. Vårt motto er: "det mennesket med demens har, blir vektlagt meir enn det som manglar"

Om arbeidsgiveren

Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.

Omfang
Deltid
Søknad merkes
2189/sve
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Solstrandsvegen 39
5200 Os
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut

Nøkkelord

sjukepleiar/vernepleiar

Rapporter annonse

FINN-kode: 111910382

Sist endret: 11. jan 2018 12:11

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Rikke Helen Wallace
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
56 57 55 32
411 29 880

Søk på stillingen

Frist
22.01.2018
Følg firma
156 følger dette firmaet

Solstrandsvegen 39, 5200 Os

Rapporter annonse

FINN-kode: 111910382

Sist endret: 11. jan 2018 12:11