Vikariat som nattavd sjukepleiar/vernepleiar ved miljøtenesta

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar / vernepleiar
Sted
Bryne
Frist
22.01.2018
Varighet
Fast

Bli kjent med Time Kommune

Me søkjer

Sjukepleiar/vernepleiar 50 % natt, vikariat. Stillinga er ledig snarast, og fram til 31.08.2018. Det er muligheit med forlenging.

Om arbeidsplassen

Røyrvika er 24 samlokaliserte omsorgsbustadar. Ein av bustadane fungerer som
opptrenings/kartleggings/overgangsbustad. Ein bustad fungerer som personalbase.
Røyrvika ligg under miljøtenesta i kommunen.
Avdelinga har alltid 2 aktive nattevakter, ein sjukepleiar/vernepleiar og ein helsefagarbeidar/assistent.
Brukarane me har er unge med utviklingshemming, og eldre med ulike hjelpebehov.

Om arbeidsoppgåvene

Arbeidsoppgåvene på natt er tilsyn og pleie tilpasse den enkelte sitt behov på natt.

Kvalifikasjonar

Ha godkjent norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar.

Me tilbyr

Eit aktivt og godt arbeidsmiljø, faglege utfordringar, mulegheiter for veiledning, kurs og fagleg påfyll.
Avdelinga ligg sentralt i Bryne sentrum, kort avstand til jernbanestasjon.
Avdelinga har forhandlingsturnus, som gjer gode mulegheiter for å kunne planlegge eign arbeidstid.

Andre krav

-  Det er krav om politiattest og autorisasjon
-  God munnleg og skriftleg norskkunnskap
-  Det er ikkje eit krav, men om du er ein person med godt humør, er fleksibel og likar utfordringar så er du rett person for denne stilling

Elektronisk søknadsprosess

Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Om arbeidsgiveren

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, tilsette, besøkjande og næringsliv.
Time kommune har 18 800 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Omfang
Deltid
Sektor
Offentlig
Sted
Røyrvika 9
4344 Bryne
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Helsepersonell
Sykepleier / Sykepleier

Nøkkelord

natt, miljøtenesta, sykepleiar, vernepleiar

Rapporter annonse

FINN-kode: 111650520

Sist endret: 8. jan 2018 10:23

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Solveig Austdal
Stillingstittel
Verksemdleiar
Telefon
482 67 689

Søk på stillingen

Frist
22.01.2018
Følg firma
148 følger dette firmaet

Røyrvika 9, 4344 Bryne

Rapporter annonse

FINN-kode: 111650520

Sist endret: 8. jan 2018 10:23