Utløpt

Brynekyrkja søkjer trusopplærar/kyrkjelydspedagog

Arbeidsgiver
Time kyrkjelege fellesråd
Stillingstittel
Trusopplærar/kyrkjelydspedagog i Brynekyrkja 50 - 70 % stilling (vikariat med moglegheit for vidare engasjement)
Frist
Frist utløpt
Varighet
Vikariat
Brynekyrkja har ledig vikariat med moglegheit for vidare engasjement.
Brynekyrkja ønskjer å vere ein kyrkjelyd kor barn og unge føler seg heime. Me ønskjer at alle døypte mellom 0-18 år på Bryne skal få god trusopplæring. Me søkjer ein person som kan vere med å vidareutvikle og drive trusopplæringa i Bryne kyrkjelyd saman med stab og frivillige. Dette er eit unikt høve for deg som ønskjer å jobbe med trusopplæring, blant barn og unge på Bryne, i ein nytenkjande kyrkjelyd i Den norske kyrkja.

Vi har ledig  50 ± 70 % stilling som trusopplærar/kyrkjelydspedagog i Brynekyrkja.
Bli med å gje vidare det viktigaste til barn og unge på Bryne. Gud gir ± vi deler!

Arbeidsoppgåver
°    Drifte og vidareutvikle tidsavgrensa breiddetiltak for alle døypte mellom 0-18 år ut frå gjeldande planar
°    Bidra til å  vidareutvikle kontinuerlege trusopplæringstiltak i Brynekyrkja
°    Rekruttere og følgje opp frivillige medarbeidarar
°    Kommunikasjonsarbeid for trusopplæringa i Brynekyrkja
°    Endeleg stillingsbeskriving og arbeidsplan blir utarbeidd i samarbeid med den som blir tilsett
°    Arbeidet inneber også ein del  ettermiddag/kvelds- og helgearbeid.
Kvalifikasjonar:
°    Ønskjeleg med
o    Relevant utdanning innan pedagogikk/kristendom
o    Erfaring og engasjement for barne- og ungdomsarbeid
o    Erfaring med kyrkjelydsarbeid og trusopplæring
Personlege eigenskapar  
°    Kreativ og nytenkjande
°    Gode kommunikasjons- og formidlingsevner i møte med barn og unge
°    Evne til å inspirere og koordinere frivillige medarbeidarar
°    Strukturert og god på å planleggja langsiktig
°    Evne til å jobbe strukturert, sjølvstendig og i samarbeid med stab og frivillige
°    Engasjert og initiativrik
°    Fleksibel og løysingsorientert
°    Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr
°    Godt og inspirerande arbeidsmiljø på Time kyrkjekontor
°    Utfordrande arbeidsoppgåver og engasjerte kollegaer
°    Løn etter avtaleverket på kyrkjeleg sektor
°    Medlemskap i KLP
°    Fleksible avspaseringsordningar

Me gjer oppmerksam på at me har fleire stillingar ledig og at dei ulike stillingane kan kombinerast til ei større stilling. Det kan bli moglegheit for vidare engasjement ut over tilsettingsperioden. Tidspunkt for oppstart etter avtale.
Den som blir tilsett må leggje fram tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest). Opplysningar om samlivsform vil kunne bli innhenta og vektlagt ved tilsetjing, jamfør Arbeidsmiljølova § 13,3. Søkjarar må kunne identifisere seg med kyrkjas verdigrunnlag og vere medlem i kyrkja.
Spørsmål vedr. stillinga kan rettast til dagleg leiar Bjørn Inge Hauge tlf. 48127481 eller kyrkjeverje Gunnar Stone Bjorland tlf. 962 32 582

Fullstendig utlysingstekst finn du på www.brynekyrkja.no og på www.finn.no

Søknadsfrist: 17 november 2017

Send søknad med cv og referansar til:
Time kyrkjelege fellesråd,
Postboks 373, 4349 Bryne

eller epost: kyrkjekontoret@time-kyrkja.no
Nettverk
Facebook
Sektor
Organisasjoner
Sted
4349 Bryne
Bransje
Kirke og menighet
Stillingsfunksjon
Menighetsarbeid / Menighetsarbeid

Rapporter svindel/regelbrudd

FINN-kode: 107661305

Sist endret: 13. des 2017 12:24

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gunnar Stone Bjorland
Stillingstittel
Kyrkjeverge
Mobil
Vis telefonnummer
Kontaktperson
Bjørn Inge Hauge
Stillingstittel
Dagleg leiar/kyrkjelydsutviklar
Mobil
Vis telefonnummer

Rapporter svindel/regelbrudd

FINN-kode: 107661305

Sist endret: 13. des 2017 12:24