Utløpt

Miljøterapeut/fagarbeidar 97,48%, vikariat - Tenester for utviklingshemma. Kuhnletunet rekke 2

Arbeidsgiver
Os kommune
Stillingstittel
Miljøterapeut/fagarbeidar
Frist
22.10.2017
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Ved Tenester for utviklingshemma, for tida avdeling Kuhnletunet Rekke 2, er det frå snarast og til og med 14.10.2018,
ledig 97,48% stilling for miljøterapeut/fagarbeidar. 

Arbeidsstad
Teneste for vaksne utviklingshemma i Os kommune består av 6 bufellesskap og eit dagsenter.
Kuhnletunet Rekke 2 er eit bufellesskap med 5 tenestemottakarar med varierande bistandsbehov.

Arbeidsoppgåver
Stillinga er i hovudsak knytt opp i mot 1:1 arbeid, og inngår i eit team rundt særleg ein tenestemottakar. 
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane.
I funksjonen inngår førebygging, habilitering og rehabilitering. Arbeidet består i å yte brukarane den bistanden dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål, ta del i sosiale aktivitetar og gjere brukarane meir sjølvhjelpne.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.

Du må vere villig til å ta på seg hovudkontaktarbeid.
Dette arbeidet inneber å følgje særskilt med ein tenestemottakar sine behov i høve økonomi, helse, dagtilbod, fritidstilbod og hjelp til daglege føremål.
Vidare må du rekne med å arbeide aktivt saman med,  og vere initiativtakar i høve tenestemottakaren sine pårørande,familie, vener og hjelpeapparatet elles.

Stillinga er i turnus med arbeid tredjekvar helg. Turnusen inneheld noko langvakter.  

Kvalifikasjonar
Du har relevant helse, sosialfagleg eller pedagogisk høgskuelutdanning på bachelor nivå, eller relevant fabrev. Vidare har du erfaring frå målretta miljøarbeid med personar med utviklingshemming, gjerne innafor autismespekteret. Du har god kjennskap til helse og omsorgstjenestelova KAP 9.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mulig kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Om arbeidsgiveren

Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.

Sektor
Offentlig
Sted
Kuhnlevegen, 5200 Os
Bransje
Helse og omsorg,
Annet
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sykepleier

Nøkkelord

Miljøterapeut, fagarbeidar, vernepleiar, helsefagarbeidar, sykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Torunn Haugen
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
91 16 64 59
Kontaktperson
Anne Turi Kvittingen
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
56 30 53 20
Følg firma
483 følger dette firmaet

Kuhnlevegen, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 106052057
Sist endret 9. okt. 2017 11:19

Rapporter annonse