Utløpt

Undervisningsstilling for folkedanslinja

Arbeidsgiver
Hordaland fylkeskommune, Manger folkehøgskule
Stillingstittel
Undervisningsstilling
Frist
05.06.2007

Ved skulen er det frå 01.08.07 ledig ei 55 % stilling som lærar for folkedanslinja.

Den som vert tilsett må kunna undervisa i norske dansetradisjonar og tradisjonskunnskap. Til stillinga ligg det ein del administrasjon, og også sosialpedagogiske oppgåver, tilsyn og nattevakt etter turnusordning.

Utdanning og kvalifikasjonar

Søkjarar bør ha folkedans-utdanning frå høgskule eller tilsvarande, men også søkjarar utan slik kompetanse kan verta vurderte.
Ein bør også ha brei erfaring med pedagogisk arbeid innanfor folkedans.

Hordaland fylkeskommune tek atterhald om at interne søkjarar kan ha fortrinnsrett til stillingane.Løn etter gjeldande tariff. Tilsetjing vil skje på vilkår som følgjer av lover, avtalar og reglement for Hordaland fylkeskommune. Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som skal tilsetjast må leggja fram politiattest. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Om arbeidsgiveren

Hordaland – eit kreativt verdiskapingsfylke i ein sterk Vestlandsregion
Hordaland fylkeskommune har ansvaret for følgjande område: Vidaregåande opplæring, kultur, samferdsel, den offentlege tannhelsetenesta og økonomisk- og regional utvikling. Dei regionale utviklingsoppgåvene omfattar mellom anna fylkesplanlegging og næringstiltak.
Det er 4 500 tilsette i fylkeskommunen.

Sted
5936 Manger

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Geir Rydland
Stillingstittel
rektor
Telefon
56 34 80 70
Følg firma
170 følger dette firmaet

5936 Manger

Annonseinformasjon

FINN-kode 10125955
Sist endret 16. mai 2007 20:50

Rapporter annonse