Utløpt

Brenn du for lokal og kortreist mat?

Arbeidsgiver
Hå kommune
Stillingstittel
Kokk og kafévert, Hå gamle prestegard
Frist
09.10.2023
Ansettelsesform
Fast

Vil du vera med på laget i ein unik kulturkafé i eit særprega landskap? Hå gamle prestegard har ledig ei fast 20 % stilling som kokk og kafévert.

Eit kafèbesøk på Hå gamle prestegard er ikkje berre ei smakssanseleg oppleving. Det er òg ei tidsreise og ei kunst og kulturoppleving. Kaféen, som ligg i hovudhuset på Hå gamle prestegard, er nytta til arrangement og utstillingar i tillegg til å ha vanleg kafédrift. Våningshuset frå 1787 ligg omkransa av driftsbygningar, eit gammalt jærhus og ein flott hage. Huset har god utsikt til havet og er i dag heimekoseleg innreia med moderne kunst, tradisjonelle jærstolar og leikerom til dei minste.

Kafeen tek imot store og små grupper etter avtale, og har hovudsakeleg ope på dagtid.

Om stillinga

Som kokk har du ansvar for å lage sesongens kafémeny, sal av mat, rydding og oppvask. Kafévertrolla inneber at du er orientert om utstillingsprogrammet og kan gje informasjon om dette og grunnleggande historikk om anlegget til gjestene.

Arbeidstid er 1 dag i veka saman med ansvarleg kokk og 1 helg per månad (laurdag og søndag). I helga er du ansvarleg for kaféen, og har ansvar for et team på totalt 3 personar som arbeidar turnus. Dei to andre kafévertane assisterer med matlaging, servering og sal av mat, rydding, vask og oppvask. Hå gamle prestegard har i tillegg to andre kokkar (100% og 50%) som førebur menyen før helga.

Det er mogleg og ønskeleg at du tek ekstravakter ved behov og kan arbeide meir i ferier og sommarsesong.

Arbeidsoppgåver

- Lage enkel kafémeny med opne smørbrød, suppe, lappar og kaker

- Kundebehandling - sal av mat, informasjon

- Opne og stenge kafé og kjøkken etter faste rutinar for reinhald og sikring

- Sjå til at kaféen er presentabel og hyggeleg

- Rydding og oppvask

- Småpraktiske oppgåver i kafé og kjøkken

Me ønsker deg som

- Har utdanning som kokk eller har relevant erfaring frå kokk- og kafébransjen.

- Erfaring med kafédrift er ein fordel

- Er engasjert, ansvarleg og samarbeidsorientert

- Er interessert i lokale og sunne råvarer

- Trivest i arbeid med menneske og liker høgt tempo

- Er fleksibel og kan jobbe helger og ferier, somme kveldar

- Ønsker å bidra til ein god serveringsstad i eit eigenarta miljø og ser god mat, service og kultur som ein naturleg heilskap

- Er nøyaktig og følger reglement for god matsikkerheit

- Er serviceinnstilt

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.

Attestar og vitnemål

Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Tilsetjingsvilkår

Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

Om arbeidsgiveren

Hå kommunes administrasjonssenter ligger på Varhaug, ca. 40 minutter med tog fra Stavanger. Kommunen har 19 600 innbyggere, velfungerende skoledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbud og levekår. I tillegg til et rikt og variert kultur- og idrettstilbud finner man flotte tur- og friluftsområder. Hå kommunes visjon er "Me løfter i lag". Våre verdier er Åpen, Driftig og Stolt. Vi ønsker oss medarbeidere som kan identifisere seg med vår visjon og våre verdier!

Sektor
Offentlig
Sted
Håvegen 347, 4365 Nærbø
Bransje
Kunst og kultur
Stillingsfunksjon
Mat og servering,
Mat og servering / Kokk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingunn Sirevåg Nord-Varhaug
Stillingstittel
Leder
Mobil
41 53 26 57
Kontaktperson
Lillian Utne Skjæveland
Stillingstittel
Rådgiver
Mobil
90 13 42 87
Følg firma
203 følger dette firmaet

Håvegen 347, 4365 Nærbø

Annonseinformasjon

FINN-kode 321162148
Sist endret 6. nov. 2023 10:00

Rapporter annonse