Utløpt

Prosjektdirektør

Arbeidsgiver
Fjord1 AS
Stillingstittel
Prosjektdirektør
Frist
04.08.2017
Ansettelsesform
Fast
Fjord1 er i dag på veg gjennom eit grønt skifte som vil vere grunnlaget for framtidig ferjedrift i Noreg. Selskapet har allereie vunne fleire nye samband med krav om el-ferjer og vil gjennom deltaking i mange komande utlysingar forvente at fleire tilsvarande anbod blir vunne. Etter ei omorganisering i selskapet er det etablert ei eiga prosjekteining. Vi søkjer no etter ein målretta og handlekraftig prosjektdirektør.   Som prosjektdirektør har du overordna ansvar for prosjektgjennomføring, nybygg og produksjon av fartøya. Du vil ha personalansvar for prosjektleiarane og vera overordna ansvarleg for ei prosjektportefølje. Prosjektdirektør vert ein del av leiargruppa i selskapet, og rapporterer direkte til administrerande direktør.   Vi ser etter deg som har tung leiarerfaring frå prosjekt. Det er ein fordel om du har erfaring frå drift, men bransjeerfaring er ikkje eit krav. Du har tidlegare innehatt leiande posisjoner, og har erfaring med å sitje i leiargruppe.   I Fjord1 blir du del av eit spanande og framtidsretta selskap. Du vil få dyktige og engasjerte kollegaer, som har høg fokus på å ha gode haldningar og verdiar.   Ved spørsmål kontakt ein av våre rådgjevarar hjå Headvisor; Jan Tveit (97539990), Bjørn Horne (91161390) eller Janne Siri Horne (90721164). Kortfatta søknad med CV sendes snarast og innan 04.08.2017. Alle spørsmål til våre rådgjevarar vert behandla fortruleg inntil anna er avtala.  

Om arbeidsgiveren

Fjord1 AS er i dag det største ferjeselskapet i Noreg, med samband i frå Sør-Trøndelag til Rogaland. Selskapet har nær 1200 årsverk og omsette i 2016 for 2,38 milliardar kroner. Fjord1 er notert på Merkur Market på Oslo Børs.

Sektor
Privat
Lederkategori
Direktør
Sted
5020 Bergen
Bransje
Transport og logistikk,
Maritim og offshore,
Reise og turisme
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Prosjektledelse

Nøkkelord

Prosjektgjennomføring, Nybygg, Produksjon, Prosjekterfaring, Personalansvar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jan Tveit
Stillingstittel
Rådgiver
Telefon
97 53 99 90
Kontaktperson
Bjørn Horne
Stillingstittel
Rådgiver
Telefon
91 16 13 90
Følg firma
2325 følger dette firmaet

5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 99764569
Sist endret 6. aug. 2017 00:28

Rapporter annonse