Utløpt

Einingsleiar ved Sjukeheimen

Arbeidsgiver
Surnadal kommune
Stillingstittel
Einingsleiar ved Sjukeheimen
Frist
21.08.2017
Ansettelsesform
Fast
Vi går ei spanande tid i møte, der behovet for riktige og gode helse- og omsorgstenester blir utfordra, samtidig som det blir forventa at levealderen vår går opp.   Derfor søkjer vi etter ein leiar som har ambisjon om å bidra til at tenesteytinga vår skal vere i forkant av utviklinga, har eit strategisk perspektiv og samtidig står fram som ein dyktig leiar innan sitt ansvarsområde.   Surnadal sjukeheim har fokus på utviklingsarbeid, der heiltidskultur, godt arbeidsmiljø og omdømmebygging står sentralt blant dei 130 tilsette. Vi er opptatt av at kvalitetssikring av tenestene og heilheitleg pasientforløp har fokus.   Surnadal kommune yter i dag samansette tenester innan feltet, og eininga har ei bruttoramme på ca 70 mill. Eininga gir tilbod om m.a heildøgnsplassar som er fordelt på to langtidsavdelingar, ei bu- og avlastningsavdeling og skjerma avdeling for aldersdemente. Det er etablert ein observasjonspost med inntil 6 senger i samband med innføring av samhandlingsreforma. Ved sjukeheimen er det og storkjøkken og vaskeri.  Vår visjon er at vi skal vere ein aktiv institusjon der kvar enkelt er verdifull. Vi ser kvart enkelt menneske som unikt og aktiverer dei ressursane den enkelte har.  Tenesta fokuserer mykje på fagleg utvikling, organisatorisk utvikling og kompetanseutvikling. Eininga er i gang med fleire utviklingsprosessar som den nye einingsleiaren har ansvar for å vidareføre og utvikle samen med kompetente medarbeidarar.  Kommunen ønskjer ein einingsleiar som:
  • Kan og vil leie og har faglege og administrative leiareigenskapar
  • Kan setje klare mål for verksemda og utnytte dei samla ressursane effektivt
  • Har evne og vilje til samarbeid, kan rettleie og inspirere til utviklingsarbeid
  • Har god økonomiforståing, er strukturert og ryddig
  • Har relevant høgskuleutdanning, gjerne helse -og/eller sosialfagleg bakgrunn
  • Har relevant leiarerfaring
  • Er lojal til kommunen sine mål

For stillinga gjeld:  

Nærare opplysningar om stillinga kan du få hos vår rådgjevar i Headvisor Torstein Sneisen, tlf. 91 88 81 86. Du kan også ta direkte kontakt med kommunalsjef Gunhild Eidsli, tlf. 97 17 48 56 eller rådmann Knut Haugen, tlf. 91 55 40 69 for nærare opplysningar.  Søknad og cv sendes snarast og senast innan 21. august.  For stillinga gjeld vanlege kommunale tilsetjingsvilkår og løn etter avtale. Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk. Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før tiltreding. I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom ei slik oppmoding ikkje blir tatt til følgje, vil søkjaren bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Om arbeidsgiveren

Surnadal kommune ligg på Nordmøre i Møre og Romsdal. Administrasjonssentrumet heiter Skei.
Kommunen har ca 6000 innbyggjarar. Vi har eit variert næringsliv og eit godt utbygd skoletilbod. Kulturlivet er rikt og naturen er flott med Trollheimen, fjordar og lakseelver.

Ei utfordrande og viktig leiarstilling, for deg som vil vere med å utvikle helse- og omsorgstenestene våre.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
BÅRDSHAUGVEGEN 1, 6650 Surnadal
Bransje
Offentlig administrasjon,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

fagleg utvikling, organisatorisk utvikling, kompetanseutvikling, leiareigenskapar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Torstein Sneisen
Stillingstittel
Rådgiver
Telefon
91 88 81 86
Kontaktperson
Gunhild Eidsli
Stillingstittel
Kommunalsjef
Telefon
97 17 48 56
Følg firma
2322 følger dette firmaet

BÅRDSHAUGVEGEN 1, 6650 Surnadal

Annonseinformasjon

FINN-kode 99404662
Sist endret 30. jun. 2017 11:28

Rapporter annonse