Utløpt

Assistarende seksjonsleiar Lokal sikkerheitsavdeling

Stillingstittel
Assistarende seksjonsleiar Lokal sikkerheitsavdeling
Frist
06.08.2017
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Vil du vere med på å skape endring?

Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar, og som har problem med mellommenneskelege relasjonar?

Klarer du å stå i utfordrande situasjonar og behalde den profesjonelle haldninga?

Klinikk sikkerheitspsykiatri er ein klinikk i psykiatrisk divisjon ved Haukeland universitetssjukehus. Vår oppgåve er å yte psykiatrisk behandling til alvorleg sinnslidande pasientar som i tillegg treng eit høgt tryggleiksnivå. Vår oppgåve er å vurdere og å handtere valdsrisiko og samstundes gi omsorg og behandling.

Målet vårt er å gi pasientane moglegheit til auka meistring av eige liv i ulike fasar av sjukdommen, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets behov for tryggleik. Klinikk sikkerheitspsykiatri har ansvar for å behandle pasientar lokalt frå Helse Bergen HF og pasientar frå Helseregion vest.

Lokal sikkerheitsavdeling skal no styrke leiargruppa ved avdelinga og har no ledig stilling som assisterande seksjonsleiar. Du vil då bli ein av to assisterande seksjonsleiarar i tillegg til seksjonsleiar.

Arbeidsoppgåver

  • Saman med leiargruppa videreutvikle og drifte seksjonen med ansvar for personalleiing, kvalitet, fagutvikling og økonomi
  • Vedkommande inngår i seksjonens leiarteam og samarbeider tett med miljøpersonale og behandlarar. Seksjonsleiar er næraste overordna
  • Leie og motivere medarbeidarane
  • Kompetanseutvikling i seksjonen, utvikling av haldningar, kunnskapar og ferdigheiter i personalgruppa
  • Definere kompetansebehov og planlegge kompetanseheving på kort og lang sikt saman med seksjonsleiar
  • Opplæring og rettleiing
  • Klinisk arbeid i samband med vekedagar og helg
  • Dag til dag styring
  • Følge opp seksjonens HMS arbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Det er ønskeleg med vidareutdanning innan psykisk helse/rus/Seprep
  • Minimum 5 års erfaring frå psykiatri

Utdanning

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Sjukepleiar/Vernepleiar
  • Sjukepleie
  • Vernepleie

Språk

  • Norsk

Eigenskapar

  • Du er fleksibel og pålitelig
  • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
  • Du nå både kunne vere "drivande" og audmjuk
  • Du gir og mottar tilbakemeldingar på ein konfliktdempande måte
  • Du er tilpassingsdyktig og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
  • Du trivst i eit aktivt og tidvis travelt miljø
  • Du er ein god teamarbeidar og likar å jobbe tverrfagleg
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er god til å se kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Eit inkluderande og godt fagleg arbeidsmiljø
  • Grundig opplæring
  • Leiarutvikling i Helse Bergen sitt interne opplæringsprogram
  • Du får kurs i Terapeutisk møte med aggresjon (TERMA)
  • Kurs i risikovurderingsinstrumentet HCR-20
  • Du får kompetanseutvikling i form av fagdagar og kurs
  • Dette er ei stilling som gir både fagleg og personleg utvikling
  • Vi har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar
  • Lønn etter avtale
  • 15000 kroner pr år i særtillegg
  • Treningsrom for tilsette
  • Medlemsskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Antall stillinger
2
Sted
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Sykepleier,
Sykepleier / Psykiatri,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Conrad A. Ravnanger
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 95 83 48
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Sandviksleitet 1, 5036 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 99186353
Sist endret 27. jun. 2017 08:36

Rapporter annonse