Utløpt

Rådmann nye Ålesund kommune

Arbeidsgiver
Nye Ålesund kommune
Stillingstittel
Rådmann nye Ålesund kommune
Frist
15. august 2017
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med AMROP NORGE AS

Unik leiarutfordring   |   Viktig samfunnsoppdrag

Til å leie nye Ålesund kommune søker vi ein strategisk, samlande og samfunnsengasjert rådmann som først vil gå inn som prosjektleiar for arbeidet med å skape den nye kommunen. Det vil vere fokus på samhandling, nærdemokrati og organisasjons- og kulturbygging. Erfaring frå toppleiing i politisk styrt organisasjon og kompleks prosjektleiing er etterspurd.  Som prosjektleiar for etableringa av den nye kommunen skal du bidra til å sikre ein vellykka fusjonsprosess og eit godt samspel mellom politikk og administrasjon.

Hovudoppgåver:

• Sikre gode og likeverdige tenester gitt av kompetente fagfolk, tilgjengeleg der folk bur
• Vere ein pådrivar i den regionale samfunnsutviklinga og bidra til å posisjonere Ålesund by som det urbane midtpunktet mellom Bergen og Trondheim
• Vere ein pådrivar for at nye Ålesund skal vere ein føregangskommune i digitalisering og teknologibasert utvikling av tenestene med fokus på innovasjon, nyskaping og bærekraft
• Utvikle og nytte moglegheitene i eit aktivt samspel med eksterne samarbeidspartnarar
• Bygge og utvikle ein effektiv, tverrfagleg, kompetent og nettverksbasert organisasjon med ein framtidsretta arbeidsgjevarpolitikk med fokus på trepartssamarbeid
• Etablere gode styringssystem og planverk for budsjett, økonomi og eigarskapspolitikk

Vi vil legge stor vekt på gode kommunikasjonsevner i dialog med politikarar, tilsette, innbyggjarar, medier og samarbeidspartnarar. Vi ønsker ein motiverande leiar med evne til å skape engasjement og forplikting på mål og gjennomføring. Solid økonomiforståing, strategisk overblikk og leiarerfaring frå kompleks kunnskapsorganisasjon blir vektlagt. Du må ha god kjennskap til kommunesektoren og utprega rolleforståing og evne til samhandling med politisk leiing. Du kan vise til gode resultat i møte med aktuelle utfordringar og har eit heilhetleg og tverrsektorielt perspektiv. Du har utvist evne til å balansere god drift med implementering av omstillings- og endringsprosjekt. Vi søker ein framtidsretta leiar som vil bidra til innovasjon og utvikling av morgondagens løysingar basert på digitalisering. Stillinga vil rapportere til Fellesnemnda.

Søkarar må ha høgskole-/universitetsutdanning, fortrinnsvis på masternivå og relevant leiarerfaring frå offentleg sektor, gjerne kombinert med erfaring frå andre sektorar. Vi kan tilby ei unik og krevjande leiarutfordring med moglegheit til å skape ein av Noregs mest attraktive føregangskommunar.  Vi ser fram til at du tar uforpliktande kontakt.

Fram til søknadsfristen går ut vil alle førespurnader behandlast konfidensielt, om ønskeleg også overfor oppdragsgjevar. Deretter vil det bli utarbeidd offentleg søkarliste. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngi dette i søknaden. Du vert varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje.

Om arbeidsgiveren

Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund kommunar skal saman byggje nye Ålesund kommune. Den nye storkommunen på Sunnmøre vil få ca. 65 000 innbyggjarar og om lag 5 500 tilsette. Dei fem kommunane har saman utarbeidd ein intensjonsavtale som grunnlag for etableringa av den nye kommunen. Det er store ambisjonar om å skape ein føregangskommune og styrke regional slagkraft med Ålesund som eit urbant tyngdepunkt. Kommunen sin visjon er: nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet.
Sjå også www.nyealesund.no

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
6003 Ålesund
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse,
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Randi Flugstad
Stillingstittel
Delphi Consulting AS
Telefon
90 58 41 38
Kontaktperson
Dag Olav Tennfjord
Stillingstittel
Leiar av tilsettingsutvalet
Telefon
97 17 57 30
Følg firma
1606 følger dette firmaet

6003 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 98922932
Sist endret 10. aug. 2017 13:59

Rapporter annonse