Utløpt

Attraktiv stilling som forretningsutviklar

Arbeidsgiver
Industriutvikling Vest
Stillingstittel
Forretningsutviklar
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Industriutvikling Vest AS får stadig fleire oppdrag og må auke ressursane. Vi søkjer ein person som kan vera ein pådrivar for nyskaping og vekst for næringslivet i Nordhordland.

Oppgåvene vil vere å utvikle gode forretningsidear som skapar nye berekraftige og kommersielle verksemder i regionen, samt styrker eksisterande næringsliv. Søkarane bør ha brei erfaring frå næringsliv eller innovasjon. Primært søkjer vi etter ein person med teknisk bakgrunn med erfaring frå prosjektleiing, eit godt nettverk og kommersielt fokus. Vel så viktig som formell og reell kompetanse er personlege eigenskaper som kan bidra til å nå selskapets mål. Det vil leggjast stor vekt på kva resultat søkarar har oppnådd i andre stillingar. Vi meiner dette er ein svært attraktiv stilling innan næringslivet i regionen som for den rette vil gje store mogelegheiter for personleg og fagleg utvikling.


Arbeidsoppgåver i stillinga

Stillinga vil innebere praktiske arbeidsoppgåver som:

  • Arbeide aktivt for å identifisere nye forretningsidèar   

  • Vurdere aktuelle marknadssegment og utarbeide forretningskonsept  

  • Bidra til å skaffe finansielt grunnlag for nyskipingar

  • Bidra som prosjektleiar med fagkompetanse i eigne og eksterne samarbeidsprosjekter

  • Styrke og utvikle selskapets kommersielle tjenester

  • Få til gode samarbeidsprosjekt i næringslivet

  • Aktiv rådgivning til kunder som mentor

  • Utforme og holde presentasjoner i mange ulike fora

Kompetansekrav til stillinga

Som søker må du ha formell eller praksisbasert kompetanse for stillinga. Slik kompetanse kan vere:

  • Primært sivilingeniør/ingeniør eller anna teknisk bakgrunn

  • Høgskule/Universitetsutdanning innan relevante fagområder

  • Anna utdanning eller fleire års relevant erfaring frå næringslivet

Krav til erfaring

Eit føremonn for søkar vil vera erfaring frå eit eller fleire områder:

  • Bedriftsleiing

  • Prosjektleiing/prosjektarbeid

  • Nettverksarbeid

  • Etablering av verksemder og anna nyskapingsarbeid

  • Innovasjonskultur

  • Produktutvikling, kommersialisering eller sal
  • Ønskelig med kunnskap om næringslivet i Nordhordland.


Stillinga rapporterer til dagleg leiar. 


Vi søker ein forretningsutviklar som skal bidra til å utvikle næringslivet i regionen, samt eigen organisasjon. Stillinga krev ein allsidig person med gode samarbeids- og forhandlingsevner, leiarerfaring, med stå-på-humør og evne til å arbeide sjølvstendig. Selskapet tilbyr konkurransedyktige vilkår, fagleg utvikling og eit godt sosialt miljø. Arbeidsstad er i Dampen , Knarvik.

Søknadsfrist er 15. august 2017 men søknader vert vurdert fortløpande når dei vert motteke.

Lær mer om oss på våre websider: iuv.no
Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
Hagellia 6, 5914 Isdalstø
Bransje
Industri og produksjon,
Konsulent og rådgivning,
Annet
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

Nettverksarbeid, Prosjektleiing, innovasjon, nyskaping, forretningsutvikling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Børge Brundtland
Stillingstittel
Daglig leder
Mobil
Vis telefonnummer
Nettverk
LinkedIn

Hagellia 6, 5914 Isdalstø

Annonseinformasjon

FINN-kode 98367266
Sist endret 7. sep. 2017 21:56

Rapporter annonse