Utløpt

Vil du bli vår nye driftsleiar for veg og anlegg?

Arbeidsgiver
Kvam herad
Stillingstittel
Driftsleiar veg og anlegg
Frist
21. mai 2017
Ansettelsesform
Fast

 

 

Avdelinga innan veg og anlegg i Kvam herad har 6 tilsette (5 operatørar og 1 driftsleiar). Denne har ansvaret for drift og vedlikehald av ca 110 km kommunal veg , samt noko prosjektering og byggeleiing. Då vår dyktige driftsleiar no går over til nye oppgåver, søkjer me etter ein erstattar.


Sak. 17/583
100 % stilling som driftsleiar ledig frå august 2017.

Hovudarbeidsoppgåvene vil vera knytt til drift og vedlikehald av kommunale vegar, blant anna:

• Ansvar for oppsyn og drift av kommunale vegar og anlegg
• Planlegging/utbetring av eksisterande vegar, og eventuelt nye anlegg
• Registrering og oppdatering av veginfo på datasystem
• Delta i vaktordning bl.a. knytt til vintervedlikehald og beredskap
• Ansvar for personell, materiell og budsjett

Kvalifikasjonar:
• Erfaring med liknande arbeidsoppgåver
• Fagbrev evt. ingeniørutdanning innan veg-/anlegg- eller maskintekniske fag
• Gode datakunnskapar
• Maskinførarbevis / 40 t.kurs (evt vere villig til å ta dette)

Personlege eigenskapar:
• Gje tydeleg retning og ha interesse for fagfeltet
• Konstruktiv og vera initiativtakar
• Bruke tid på leiing
• Ha resultatfokus – effektiv, pliktoppfyllande og lojal
• Endringsvilje, serviceinnstilt og samarbeidsvillig på tvers av fag

Me kan tilby:
• Varierte, spanande og utfordrande oppgåver på ein triveleg arbeidsplass
• Mykje kontakt med kundar og publikum
• Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande regulativ og lokalt lønnssystem


NB: Ved internt opprykk kan det bli ledig stilling som driftsoperatør på veg/mekanikar

Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til:
Leif Skår - driftsleiar veg og anlegg, tlf.  91 10 56 16
Nils Eivind Stranden  - leiar kommunalteknikk, tlf. 56 55 31 87 /959 42 881

Søknadsfrist: 21. mai 2017

Søk via vårt digitale søknadssenter.
Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.


Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Om arbeidsgiveren

Kvam herad med 8500 innbyggjarar og om lag 900 tilsette er den største av Hardangerkommunane og ligg om lag 1 times køyring frå Bergen. Heradet har vekst i folketalet, eit godt utbygd skuletilbod med mellom anna tre vidaregåande skular og eit stort og mangfaldig nærings-, kultur og organisasjonsliv.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
GROVAGJELET 16, 5600 Norheimsund
Bransje
Drift og vedlikeholdstjenester
Stillingsfunksjon
Annet

Nøkkelord

Erfaring, initiativtakar, resultatfokus, samarbeidsvillig, lojal

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Nils Eivind Stranden
Stillingstittel
Leiar kommunalteknikk
Telefon
56 55 31 87
95 94 28 81
Kontaktperson
Leif Skår
Stillingstittel
Driftsleiar
Telefon
91 10 56 16
Følg firma
52 følger dette firmaet

GROVAGJELET 16, 5600 Norheimsund

Annonseinformasjon

FINN-kode 95311669
Sist endret 11. mai 2017 14:43

Rapporter annonse