Utløpt

Seksjonsleiar Kafé

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Hospitaldrift Matforsyning
Stillingstittel
Seksjonsleiar Kafé
Frist
14.05.2017
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Mellom anna leverer Hospitaldrift pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester, sentralbordtenester og interndistribusjon av post.

Hospitaldrift har 7 einingar og ca. 700 medarbeidarar. Hospitaldrift Matforsyning er ei av dei. Eininga har ca. 110 tilsette fordelt på 75 årsverk, og forvaltar årleg ca.100 mill. kroner. Eininga har som hovudoppgåve å ivareta produksjon, utvikling og distribusjon av mat til pasientar, pårørande og tilsette ved Haukeland universitetssjukehus, samt til andre einingar i Helse Bergen og omliggjande kommunar.

Hospitaldrift Matforsyning - Café som er ein av eninga sine 4 seksjonar, har ansvar for drift av 2 matutsal på sjukehuset. Café Foaje har ca 80 sitteplassar og Café3 har 430 sitteplassar. I tillegg har seksjonen ansvar for drift av koldkjøkken som produserer det meste av møtematen til sjukehuset. Seksjonen har til saman 17 årsverk.

August 2015 blei Café3 opna etter omfattande ombygging og oppgradering. Cafè3 har ein flott atmosfære og moglegheit for å skape eit godt spisemiljø. Cafeen har eit stort utval av både kalde og varme rettar og er dagleg besøkt av ca. 1.600 gjestar.

Vi har no ledig 100% fast stilling som seksjonsleiar. Seksjonsleiar vil få ansvar for den daglege drifta, utvikling og innovasjon innanfor kantine- og kafé drift. Stillinga inngår i eniniga si leiargruppe.

Arbeidsoppgåver

  • Vidareutvikle, organisere og leie arbeidet ved seksjonen.
  • Budsjett- og personalansvar for eigen seksjon.
  • Sikre opplæring, motivasjon og fagleg utvikling av medarbeidarane.
  • Legge til rette for å gi våre gjester ein god opplevelse.
  • Skape og gjennomføre aktivitetar i samarbeid med våre leverandører.
  • Sikre at Helse Bergen sine strategiar og målsettingar blir etterlevde.

Kvalifikasjonar

  • Leiererfaring med ansvar for økonomi- og budsjettarbeid.
  • Erfaring frå bruk av adminsitrative IT-verktøy.
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Erfaring frå arbeid i større organisasjonar er ein fordel.
  • Erfaring frå HORECA bransjen.

Utdanning

  • Fagskule/fagbrev
  • Hotell- og restaurantfag
  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Kjøkken-/kantinefag

Eigenskapar

  • Løysingsorientert, serviceinnstilt og imøtekommande.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Fagleg interesse og engasjement.
  • Kreativ og med sterk drivkraft for å kunne utvikle produkt, konsept og organisering.
  • Kunne jobbe sjølvstendig og i samarbeid med andre.
  • God evne til å vurdere faglege utfordringar..
  • Trivast med høgt tempo og varierte arbeidsoppgaver.

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN."
  • Løn etter avtale.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Haukelandsveien 22, 5020 Bergen
Bransje
Restaurant, mat og uteliv,
Storhusholdning og catering,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Mat og servering

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Britt M. Skaalevik Lerøy
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
55 97 49 01
95 10 26 48
Følg firma
2256 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 94898719
Sist endret 21. apr. 2017 11:10

Rapporter annonse