Utløpt

Er du klar for å leia ei høgteknologisk produksjonsbedrift?

Arbeidsgiver
HMR Hydeq AS
Stillingstittel
Dagleg leiar
Frist
Snarast
Ansettelsesform
Fast
Då vår noverande daglege leiar har gått over i ein annan stilling i konsernet, søkjer no HMR Hydeq AS etter ny dagleg leiar. HMR Hydeq AS er ei høgteknologisk bedrift, og produkta me leverer er moderne spesialkøyretøy og stasjonære maskiner, som er nøye utforma for å møta dei spesifikke behova og krav frå våre kundar. Vedlikehald, service og reservedelar er ei naturleg forlenging av tenestene me leverer.   Som Dagleg leiar i HMR Hydeq vil du ha det overordna ansvaret for verksemda, derunder personalansvar, budsjettansvar og ansvar for at me leverer ihht. kvalitet og HMS. Me ser etter deg som er motivert og har tilstrekkeleg erfaring til å bidra positivt i vidare utvikling av verksemda, og som kan bidra til synergiar på tvers i konsernet. Du vil få stor påverkingskraft gjennom deltaking i HMR-konsernet si leiargruppe.   Sentrale arbeidsoppgåver:  
  • Forestå den daglege drifta     
  • Økonomisk styring og rapportering     
  • Personalansvar     
  • Medverka til at strategiske mål blir nådd     
  • Vidareutvikla verksemda organisatorisk og teknologisk     
  • Marknads- og kundeoppfylging     
 Ynskja kvalifikasjonar:  
  • Teknisk bakgrunn/ingeniør     
  • Erfaring frå tilsvarande verksemd     
  • Gjerne internasjonal erfaring     
  • Leiarerfaring, samt oppnådd gode resultat     
  • Erfaring med endrings- og strategiarbeid     
  • Kompetanse innan økonomi/rapportering     
  • Erfaring frå marknadsarbeid     
 Me ser etter deg som:  
  • Har interesse for teknologi og FoU-arbeid     
  • Er tydeleg, men samtidig audmjuk     
  • Har fokus på teamet, og er god på å motivera medarbeidarane     
  • Er god på å kommunisera og formidla     
  • Er strukturert og systematisk     
 Vi kan blant anna tilby:  
  • Me tilbyr ei verksemd som er godt etablert i bransjen og har eit godt omdøme     
  • Konsernet har solid økonomi     
  • Godt arbeidsmiljø i ein effektiv organisasjon     
  • Konkurransedyktige betingelsar etter avtale/kvalifikasjonar     
  • Arbeidsstad: Årdal     
Ved spørsmål kontakt ein av våre rådgjevarar hjå Headvisor; Bjørn Horne (91161390) eller Janne Siri Horne (90721164).   Kortfatta søknad med CV sendes snarast.. Alle spørsmål til våre rådgjevarar vert handsama fortruleg inntil anna vert avtala.

Om arbeidsgiveren

HMR Hydeq AS er ein del av HMR Group. Konsernet er lokalisert på Sunde med HMR Group, HMR Husnes og HMR Service Partner. På Voss med HMR Voss; i Øvre Årdal med HMR Hydeq; i Bergen med HMR Mikromekanikk og på Sunndalsøra med Protech. HMR er samarbeidspartnar og leverandør til prosessindustri, kraftverk, olje og gass, skipsverft, anleggs- og byggjebransje, samt bru- og vegbygging. I 2015 hadde konsernet ein omsetning på 270 mill. kr.

HMR Hydeq AS sin forretningsidé er fyrst og fremst å utvikle og bygge mobilt og stasjonært utstyr for aluminiumsindustrien. Verksemda har ei omsetjing på ca. 136 mill. kr. og består av ca. 90 årsverk. Meir informasjon om HMR Group og HMR Hydeq finn du på www.hmr.no.

Sektor
Privat
Lederkategori
Direktør
Sted
ØYNI 1, 6884 Øvre Årdal
Bransje
Industri og produksjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering,
Ingeniør

Nøkkelord

Teknologi, FoU-arbeid, Strukturert, Systematisk, Strategisk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjørn Horne
Stillingstittel
Rådgiver
Telefon
91 16 13 90
Kontaktperson
Janne Siri Horne
Stillingstittel
Rådgiver
Telefon
90 72 11 64
Følg firma
2322 følger dette firmaet

ØYNI 1, 6884 Øvre Årdal

Annonseinformasjon

FINN-kode 93888559
Sist endret 9. mai 2017 10:46

Rapporter annonse