Utløpt

Rådmann

Arbeidsgiver
Seljord kommune
Stillingstittel
Rådmann
Frist
31.03.2017
Ansettelsesform
Fast
Rådmannen vår går over i anna stilling, og vi søker difor etter hans etterfølgjar.
Vi ynskjer ein strategisk og operativ rådmann som er pådrivar i utviklinga av Seljord kommune, og ein aktiv deltakar i dei sakene som vil bidra til denne utviklinga.

Hovudoppgåver:
  • Leiar for den samla kommunale administrasjon
  • Ansvarleg for utgreiing og framlegging av saker for politisk handsaming
  • Ansvarleg for iverksetting av vedtak
  • Ansvarleg for at sakshandsaming og drift er i tråd med gjeldande lover og regler, og at arbeidet er gjenstand for trygg kontroll.
  • Ansvarleg arbeidsgjevar for Seljord kommune
  • Resultatorientert og med fokus på positiv økonomisk utvikling

Bakgrunn/erfaring:
  • Utdanning på høgskule/universitetsnivå, gjerne med leiarutdanning som tillegg
  • Leiarerfaring gjerne frå både offentleg og private verksemder, samt god kjennskap til kommunal verksemd
  • Erfaring frå verksemder med bredt kompetansegrunnlag, der involvering/samspel har vore viktig for resultatutviklinga.
  • Erfaring med og ansvar for utviklings- og endringsprosessar

Personlege eigenskaper/kompetanse:
  • Involverande / inkluderande / lyttande
  • Inspirerande og motiverande
  • Tydeleg, med godt forhold til organisasjonar og tilsette
  • Utadvent og relasjonsskapande, men bevisst posisjonen sin i eit politisk styrt miljø
  • Ambisiøs, målretta, ser nye moglege løysingar
  • Nettverksbyggar, sterk på relasjon
  • Skaper stabil og trygg atmosfære, støtte for sine tilsette

Vi tilbyr ei utfordrande og sentral stilling i eit levande og dynamisk lokalmiljø, konkurransedyktige vilkår og moglegheit for eigenutvikling i eit godt arbeidsmiljø.

Tiltreding så snart som mogeleg, eller etter avtale.

Om arbeidsgiveren

Seljord kommune ligg sentralt i hjartet av Telemark med storslått natur og gode friluftstilbod. Kommunen er eit handelssenter og trafikknutepunkt, og har mange store arrangement i løpet av året. Det er eit godt utbygd barnehagetilbod, 3 grunnskular, vidaregåande skule, folkehøgskule, kulturskule, symjehall og kulturhus med idrettshall og treningssenter. Innbyggjartalet er omlag 3000, og det er ca. 350 tilsette i kommunen

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Brøløsvegen 13 A, 3840 Seljord
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Øystein Aarrestad
Stillingstittel
Partner
Telefon
90 83 33 04
Kontaktperson
Halfdan Haugan
Stillingstittel
Ordførar
Telefon
91 39 87 00
Følg firma
164 følger dette firmaet

Brøløsvegen 13 A, 3840 Seljord

Annonseinformasjon

FINN-kode 92004762
Sist endret 6. mar. 2017 18:18

Rapporter annonse