Utløpt

Rådmann

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Rådmann
Sted
Osterøy
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

Osterøy kommune er i vekst. Dette byr på spanande utfordringar for ein toppleiar. Vi ser etter ein strategisk, handlekraftig og relasjonsorientert leiar som ønskjer å medverka til ei berekraftig utvikling av Osterøysamfunnet.

Kommunen søkjer ein toppleiar med høgare utdanning, brei leiarerfaring og god kjennskap til kommunal verksemd. Vi ønskjer ein inkluderande og tydeleg leiar som kan samla organisasjonen om felles mål og utfordringar, og sjå nye moglegheiter.

Ditt oppdrag som vår nye rådmann vil vera å

  • Medverka til ei berekraftig utvikling av Osterøysamfunnet
  • Ha fokus på styring og effektiv drift for å skapa handlingsrom
  • Utvikla leiargruppa til rådmannen for strategisk leiing med komplementær kompetanse og tverrfagleg samarbeid
  • Driva innovasjonsprosessar i samarbeid med politisk nivå og administrasjon for å leggja til rette for utvikling og vekst
  • Leggja grunnlag for tydeleg styring og retning gjennom god saksførebuing
  • Medverka til god dialog og godt samarbeid mellom politikarar, administrasjon, tillitsvalde og innbyggjarar
  • Stadig utvikling av organisasjonen  gjennom tydelege roller, effektiv arbeidsdeling og godt samarbeid
  • Driva ein arbeidsgivarstrategi med vekt på langsiktig rekruttering og kompetansebygging, og eit godt samarbeid med fagorganisasjonane

Kommunen ser etter ein rådmann som

  • Har strategisk legning – tenkjer nytt og er løysingsorientert
  • Er utviklingsorientert, set tydelege mål og evner å gjennomføra desse
  • Har gode evner til kommunikasjon og relasjonsbygging
  • Beherskar dialog og samspel mellom politikk, administrasjon og tillitsvalde
  • Har kompetanse innan organisasjon, økonomi og endringsleiing
  • Har brei og allsidig leiarerfaring frå offentleg verksemd, gjerne i kombinasjon med solid og relevant høgare utdanning

Lokkar dette deg? Ta gjerne kontakt med kommunen sin rådgjevar, Ivar Aslaksrud frå UtviklingsPartner AS, tlf. 930 30 194, eller ordførar Jarle Skeidsvoll, tlf. 915 61 953.

Spørsmål om stillinga vert behandla konfidensielt, om ønskjeleg også opp mot vår oppdragsgivar fram til søknadsfrist. Lønn, tilsetjingsform og andre vilkår etter avtale. Det vil bli utarbeidd eigen leiaravtale. Vil du vita meir – besøk heimesida vår, www.osteroy.kommune.no. Her finn du brei informasjon om kommunen sin organisasjon, det kommunale styringssystemet og tenestetilbodet til innbyggjarane. Du kan også lesa om prioriterte satsingsområde for kommunen og dessutan om budsjett, strategiar og planar for framtidig utvikling.

Kortfatta søknad vedlagt CV merka «Rådmann Osterøy» vert å senda som e-post til utviklingspartner@upk.no snarast og seinast innan 14. november 2016. Vitnemål og referansar skal takast med til intervju. Vi gjer merksam på at det blir utarbeidd offentleg søkjarliste etter at søknadsfristen er gått ut. Søkjarar som likevel ønskjer at søknaden blir behandla konfidensielt, må opplysa om dette med grunngjeving i søknaden. I tilfelle vi ikkje finn tilstrekkeleg grunngjeving for å bli unnateken offentlegheit, vil vi ta kontakt, slik at ein kan velja mellom å trekkja søknaden sin eller stå fram med namn.

Om arbeidsgiveren

Nær byen, nær naturen. Osterøy, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servistilbod og vakkert landskap. Folketalet aukar og har passert 8 000 innbyggjarar. Bru- /ferjesamband til nabokommunen, Bergen.

Søknad merkes
Rådmann Osterøy
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
5282 Lonevåg
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse / Ledelse
Kontor og administrasjon / Kontor og administrasjon
Økonomi og regnskap / Økonomi og regnskap

Nøkkelord

Kommune, Offentlig sektor, Utvikling, Politikk

Rapporter annonse

FINN-kode: 84646398

Sist endret: 24. okt 2016 15:51

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ivar Aslaksrud
Stillingstittel
UtviklingsPartner AS
Telefon
930 30 194
Kontaktperson
Jarle Skeidsvoll
Stillingstittel
Ordfører
Telefon
915 61 953
Følg firma
5 følger dette firmaet

Rapporter annonse

FINN-kode: 84646398

Sist endret: 24. okt 2016 15:51