Rådmann
- Arbeidsgiver
- Sund kommune
- Stillingstittel
- Rådmann i Sund kommune
- Frist
- 31.05.2016
- Ansettelsesform
- Fast
RÅDMANN I SUND KOMMUNE
- vi finn løysingar i lag -
Sund kommune søkjer ein trygg og synleg rådmann som er initiativrik, løysingsorientert og ein pådrivar i vidareutviklinga av kommunen. Våre verdiar er Tilgjengeleg, Raus, Kompetent og Løysingsfokusert.
Rådmannen er kommunens øvste administrative leiar, og skal utvikle kommunens rolle som samfunnsutviklar og tilretteleggjar i ei tid med høg endringstakt. Vi søkjer ein resultatorientert og inkluderande rådmann som motiverer dyktige medarbeidarar.
Kandidatar bør ha svært gode samarbeidsevner, solid leiarerfaring, høgare utdanning samt god kjennskap til kommunal sektor og politiske prosessar.
Hovudoppgåver:
• leie den samla kommunale administrasjonen
• sjå til at saker som vert lagt fram for politisk behandling er forsvarleg utgreidd og at vedtak blir sett i verk
• syte for at administrasjonen vert driven i samsvar med lover og avtaleverk med meir., og er gjenstand for trygg kontroll
• sjå til at leiarar og tilsette på alle nivå i kommunen fører ei god arbeidsgjevarpolitikk
Tiltreding så snart som mogeleg, etter nærare avtale.
For spørsmål om stillinga, kontakt Visindi v/ Hege Solbakken, tlf. 911 04 141 eller Hege Rødland, tlf. 916 17 560 eller sjå visindi.no.
Send søknad med CV via ”stillingar” på Visindi.no innan 31.mai 2016. Alle spørsmål vert handsama konfidensielt, om ynskjeleg også overfor oppdragsgivar fram til søknadsfristen går ut.
Om arbeidsgiveren
Sund kommune, sør på Sotra, er ein vekstkommune med om lag 7000 innbyggjarar og opplever auka etterspurnad etter bustader og næringsareal. Sund er ein veldriven kommune med gode oppvekstmiljø og vakker kystnatur. Hos oss er kystkulturen framståande, vi er i nyare tid særleg konsentrerte om shipping, fiskeri og turisme. Sjå www.sund.kommune.no . Sund kommune er i ein prosess med Fjell og Øygarden om ei eventuell kommunesamanslåing frå 2020. Sjå www.varnyekommune.no
- Sektor
- Privat
- Lederkategori
- Direktør
- Sted
- Sund senter, 5382 Skogsvåg
- Bransje
- Offentlig administrasjon,
- Annet
- Stillingsfunksjon
- Ledelse,
- Annet
Nøkkelord
Sund, kommune, Rådmann, varnyekommune.no
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Hege Rødland
- Stillingstittel
- Daglig leder - Visindi Bergen
- Telefon
- 91 61 75 60
- Nettverk
- Kontaktperson
- Hege Solbakken
- Stillingstittel
- Seniorrådgiver - Visindi Bergen
- Telefon
- 91 10 41 41
- Nettverk
Sund senter, 5382 Skogsvåg