Utløpt

Kommunalsjef helse og omsorg

Arbeidsgiver
Lærdal kommune
Stillingstittel
Kommunalsjef helse og omsorg
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

Vil du vere med å utvikle Lærdal?

Stillinga som kommunalsjef for helse og omsorg er ledig - ei nøkkelrolle i utviklinga av tenestetilbodet i Lærdal. Stillinga inngår i rådmannen sitt strategiske leiarteam, med eit strategisk ansvar for tenestene innanfor helse og omsorg. Dette omfattar mellom anna Sogn lokalmedisinske senter, lokalisert på Lærdal sjukehus, sjukeheimstenester, heimebaserte tenester, tenester for funksjonshemma og helsetenester.

 

Kompetansekrav

Til stillinga ynskjer vi ein person med relevant universitets- eller høgskuleutdanning. Vi ser etter ein person som har erfaring i å utvikle og leie komplekse organisasjonar, og som kan vere pådrivar for samarbeid på tvers av tenestene. Vår framtidige kommunalsjef er god til å lytte, og har samtidig evne til å ta beslutningar. Stikkord er utviklingsorientert, systematisk, tydeleg og analytisk.

 

Me søkjer ein leiar som

-er løysingsorientert og har gode samarbeidsevner

-har ein tillitsvekkande og engasjerande leiarstil

-kan skape tydeleg og nær kommunikasjon med sine leiarar

-har evne til samhandling med og forståing for politiske styringsorgan

-kan setje klare mål og realiserer dei

 

Me kan tilby

-utfordrande og spennande arbeidsoppgåver

-ein kommunal organisasjon som legg vekt på utvikling, forbetring og styrking av våre tilsette

 

Løn etter avtale

 

Søknaden skal sendast elektronisk

via Lærdal kommune si heimeside www.laerdal.kommune.no

Treng du hjelp til å leggja inn søknaden din, kan du ta kontakt med servicesentralen på tlf 57641200


Om arbeidsgiveren

Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling. Vi er eit aktivt og framtidsretta samfunn som for tida arbeider med heile 30 ulike omstillingsprosjekt.

I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2.200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen. Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri

Tiltredelse
01.04.2016
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
6886 Lærdal
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

Leiing, strategi, analytisk, utviklingsorientert, samhandling

Rapportér annonse

FINN-kode
67682342
Sist endret
17. mar 2016 15:47

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Alf Olsen jr
Stillingstittel
Rådmann
Mobil
Vis telefonnummer
Kontaktperson
Reni Herland
Stillingstittel
Organisasjon- og personalleiar
Mobil
Vis telefonnummer

6886 Lærdal

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapportér annonse

FINN-kode
67682342
Sist endret
17. mar 2016 15:47