Utløpt

Seksjonssjef - kringkasting og faste tenester

Arbeidsgiver
Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom)
Stillingstittel
Seksjonssjef - kringkasting og faste tenester
Sted
Lillesand
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast
Nkom har ansvar for å planleggje, tildele og føre tilsyn med frekvensløyve i Noreg.

I frekvensavdelinga er no stillinga som seksjonssjef for kringkasting og faste tenester ledig.

Avdelinga har om lag 45 medarbeidarar og er inndelt i tre seksjonar: kringkasting og faste tenester, mobile tenester og frekvenskontroll.

Seksjon for kringkasting og faste tenester har ansvar for å planleggje og tildele frekvensar til kringkasting, radiolinjer og punkt- til multipunkt laveffekt radiosamband. Seksjonen har åtte medarbeidarar.

Arbeidsoppgaver

  • initiere, vidareutvikle og følgje opp strategiane til Nkom innanfor dei ansvarsområda seksjonen har
  • ha personalansvar og vere fagleg leiar
  • vere pådrivar for utvikling av området
  • gjere arbeidet til seksjonen synleg
  • ha aktiv kontakt med andre styresmakter og med aktørane i marknaden
  • sikre effektiv sakshandsaming og oppfølging av vedtak m.m.
  • vere med i nasjonale og internasjonale fagfora

Kvalifikasjoner

  • Du må ha:
  • fullført mastergrad, helst innan radioteknikk/telekommunikasjon
  • dersom du har bachelorgrad innan desse fagområda og i tillegg har relevant erfaring, er du også velkomen til å søkje
  • velutvikla evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på både norsk og engelsk
  • Det er ønskjeleg at du har:
  • leiarerfaring
  • strategisk og analytisk legning
  • kjennskap til offentleg forvaltning og arbeidsoppgåvene til Nkom

Egenskaper

  • evne til å inspirere og motivere medarbeidarane
  • evne og lyst til å samarbeide på tvers av fag og einingar i Nkom
  • aktiv, nysgjerrig og profesjonell
  • humørfylt og uthaldande

Vi tilbyr

  • Stillinga er lønna som seksjonssjef frå kr 652 000 (lønnstrinn 73) til kr 847 900 (lønnstrinn 83), avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
  • Frå lønna blir det trekt to prosent innskot til Statens pensjonskasse.

Om arbeidsgiveren

Nkom skal leggje til rette for og sikre god konkurranse i marknadene for breiband og telefoni, kringkasting og post.
Vi definerer og påverkar rammevilkår og lovverk, og representerer Noreg i det mangesidige arbeidet mellom anna med Internett. Sikkerheit og beredskap er ein vesentleg del av ansvaret vårt.

Nkom er lokalisert i Lillesand. Meir informasjon finn du på www.nkom.no.

Nkom har etablert ei eiga plattform for leiing, og den er grunnlag for all leiing i organisasjonen.

Vi ønskjer kvinner og deg med innvandrarbakgrunn spesielt velkomen til å søkje.

Opplysningar om kven som har søkt denne stillinga, kan offentleggjerast sjølv om du har reservert deg mot å stå på offentleg søkarliste. Du vil bli varsla dersom ønsket ditt om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.

Søknad merkes
15/2015
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Nygård 1,
4790 Lillesand
Bransje
Offentlig administrasjon,
Telekommunikasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Rapportér annonse

FINN-kode
65033515
Sist endret
29. sep 2015 11:37

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
John-Eivind Velure
Stillingstittel
avdelingsdirektør
Telefon
22 82 48 27
957 48 447
Følg firma
130 følger dette firmaet

Nygård 1, 4790 Lillesand

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapportér annonse

FINN-kode
65033515
Sist endret
29. sep 2015 11:37