Utløpt

Leiar bolig og kvarter i marknadsområde Nord

Arbeidsgiver
Forsvarsbygg - Forsvarsbygg utleie
Stillingstittel
Leiar bolig og kvarter i marknadsområde Nord
Frist
14.12.2014
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Forsvarsbygg
Frå 1.januar 2015 tek Forsvarsbygg over forvaltninga av bustad og kvarter. Ansvaret til Forsvarsbygg er å ivareta oppgåver knytte til bygg- og eigendomsforvaltninga. Bustad og kvarter er eit svært viktig personalpolitisk
verkemiddel for Forsvaret. Målet til Forsvarsbygg er å Etablere og utvikle dagens bustad- og kvarterteneste og styrke servicen til leigetakarar og gjestar . Dette vil mellom anna seie å profesjonalisere og effektivisere bustad og
kvartertenesta i samarbeid med andre avdelingar i Forsvarsbygg og Forsvaret. Arbeidet vårt skal føre til betre leigetakar- og gjesteopplevingar. Har du lyst til å vere med på utviklinga av den nye tenesta søkjer Forsvarsbygg no etter leiar for eininga i marknadsområde Nord. Stillinga rapporterer til eigendomssjef MO Nord.

Forsvarsbygg har som målsetjing at arbeidsmiljøet vårt skal vere prega av tverrfagleg arbeid, mangfald og likestilling. Vi ønskjer derfor ei verksemd der alder, kjønn og etnisitet mellom dei tilsette er balansert. Vi ønskjer å knytte til oss nye medarbeidarar som kan påverke bedriftskulturen positivt gjennom si personlege og faglege kompetanse.

Forsvarsbygg er underlagt vilkåra i Offentlighetsloven - jfr særleg Offentlighetslovens § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgåver

  • Leie og koordinere dagleg drift ved bustad- og kvartereininga.
  • Personalansvar i eininga.
  • Utforme og følge opp budsjett for eininga.
  • Planlegge for å imøtekomme Forsvaret sine behov for bustad og kvarter .
  • Gje innspel til plan og vere med på oppfølging av vedlikehald / drift av bustad og kvarter.
  • Kontaktperson mot Forsvaret.
  • Etablere og utvikle ein vertskaps- og servicekultur i organisasjonen.
  • Utføre saksbehandling ism utleige av bustaderog kvarter, under dette husleigekontraktar og klagebehandling.
  • Ta seg av og administrere inn- og utflyttingar.
  • Ansvarleg for informasjon som gjeld bustader og kvarter.

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskole
  • Relevant arbeidserfaring.
  • Kravet til utdanning kan i spesielle tilfelle fråvikast om ein kan dokumentere tilsvarande kompetanse opparbeidd på annan måte.
  • Det er føresett tryggingsklarering for hemmeleg

Eigenskapar

  • Gode leiareigenskapar
  • Gode samarbeidseigenskapar
  • God planleggings- og gjennomføringsevne
  • Svært god munnleg og skriftleg formuleringsevne

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Lønn som avdelingsleiar (kode 1407) iht Statens lønnsregulativ
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Gunstige bustadlån i Statens Pensjonskasse
  • Bedriftshelseteneste
  • Gode velferdsordningar
  • Gode høve for personleg og fagleg utvikling

Om arbeidsgiveren

Forsvarsbygg er eit forvaltningsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Forsvarsbygg har som målsetjing å skape ei konkurransedyktig verksemd som kan levere etterspurde tenester innan eigedom, bygg og anlegg til marknadsretta prisar. Forsvarsbygg har Forsvaret som sin største og viktigaste kunde, men er ikkje ein del av Forsvaret sin militære organisasjon.

Forsvarsbygg Utleie er Noregs største eigedomsforvaltar. Gjennom vårt unike nettverk og kompetanse sikrar vi leveransar over heile landet. Vår viktigaste oppgåve er å skape trivsel for brukarane og bebuarane våre.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Heggelia leir, 9325 Bardufoss
Bransje
Eiendom
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Johnny Walquist
Stillingstittel
Stabsleiar
Telefon
48 01 33 12
Følg firma
3052 følger dette firmaet

Heggelia leir, 9325 Bardufoss

Annonseinformasjon

FINN-kode 53557044
Sist endret 2. des. 2014 15:13

Rapporter annonse