Utløpt

Dagleg leiar

Arbeidsgiver
Sund Vatn og Avlaup AS
Stillingstittel
Dagleg leiar
Frist
30. november 2014
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med MU AS

Drift - Utvikling - Samordna utbygging

 

Vår daglege leiar har valt å søkje nye utfordringar, og vi søkjer derfor hans etterfølgjar. Bransjen opplever strengare krav frå myndigheiter og større forventningar frå publikum. Selskapet har eit godt fundament i form av gode og veldrivne anlegg, i stor grad av nyare dato. Samstundes står ein overfor fortsatt utviding av leidningsnett, rehabilitering av eldre leidningar og etablering av andre VA-anlegg.

Som Dagleg leiar i Sund VA AS har du eit overordna  ansvar for vidareutvikling og drift av eit solid selskap i ein samfunnsnyttig bransje. Selskapet har i stor grad lukkast med å få gjennomført samordna utbygging av VA-anlegg, veg, sykkelveg og anna infrastruktur gjennom utradisjonell organisering og godt samarbeid med Sund kommune og andre aktørar. Du vil væra sentral i å utvikle og følje opp prosjekt frå start til ferdig utbygging.

Vi søker deg som har relevant høgare utdanning og leiarerfaring. Det er ønskeleg at du har forståing for krav og risiko knytt til vatn som næringsmiddel. Din gode måte å kommunisere på gjer at du vidarefører våre gode relasjonar til kundar, eigar, myndigheiter og andre samarbeidspartnarar.

Vi tilbyr varierte, sjølvstendige og spanande arbeidsoppgåver i eit utvikllingsorientert selskap. Du vil jobbe tett saman med dine dyktige medarbeidarar  og ha gode mogelegheiter for eigen utvikling. Konkurransedyktige løns-og arbeidsvilkår.

Dersom du har spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med Mercuri Urval ved Gro Reinertsen, tlf 975 59 058, eller styreleiar Bjørn Ove Børnes, tlf 918 12 780. Du kan vise interesse for stillinga ved å laste opp din CV og søknad på www.mercuriurval.no snarast og innan 30. november 2014. Alle førespurnader til Mercuri Urval handsamast konfidensielt, om ynskjeleg og for oppdragsgjevar.

Om arbeidsgiveren

Sund Vatn og Avlaup AS starta opp i 1998 og er eigar av dei offentlege VA-anlegga i Sund kommune. Sund VA har ansvar for drift og vidare utbygging av leidningsnett og anlegg. Selskapet har sjølvstendig organisering og økonomien er solid. Sund kommune som eigar har fokus på langsiktig prioritering i hovudplanar, årlege gebyrvedtak og muligheiter for samordna utbygging av infrastruktur i kommunen. Styret har fem medlemmar, med variert bakgrunn frå næringsliv. Selskapet har sju tilsette. Våre kontor er i Midtstegen industriområde, sentralt i Sund kommune.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Midtstegen, 5382 Skogsvåg
Bransje
VVS
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gro Reinertsen
Telefon
97 55 90 58
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Bjørn Ove Børnes
Stillingstittel
Styreleiar
Telefon
91 81 27 80
Følg firma
2598 følger dette firmaet

Midtstegen, 5382 Skogsvåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 53409827
Sist endret 15. des. 2014 08:40

Rapporter annonse