Daglig Leder
Årdal Teknologipark AS
- Frist 17.8.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å forme framtidas næringsliv i Årdal?
Årdal Teknologipark søkjer dagleg leiar – ein strateg, utviklar og relasjonsbyggjar med ambisjonar for framtida.
Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer å bidra til berekraftig vekst og nyskaping i Årdal og regionen rundt. Årdal Teknologipark AS er eit utviklingsselskap med mål om å vere ein katalysator for grøn industri, sirkulærøkonomi og framtidsretta næringsetablering. Selskapet er eigd av Årdal Utvikling, Hydro Aluminium og Årdal Energi, og står sentralt i arbeidet med å gjennomføre den strategiske næringsplanen for Årdal kommune.
Kva rolle får du?
Som dagleg leiar vil du få:
Ei ny og spennande leiarrolle, med høve til å vere med og forme organisasjonen frå grunnen av.
Støtte frå sterke eigarar og eit engasjert styre, med rom for å tenkje stort og handle målretta.
Ein nøkkelposisjon i det lokale utviklingsarbeidet, der du får jobbe tett på både næringsliv, kommune og samfunn.
Eit variert og meiningsfullt arbeid, frå idéutvikling og samarbeid til gjennomføring og realisering av konkrete prosjekt.
Kven ser me etter?
Me søkjer ein person som:
Har evne til å sjå moglegheiter, byggje nettverk og drive prosessar framover.
Har erfaring frå næringsutvikling, eigedomsutvikling, teknologi, energi eller samfunnsutvikling.
Er ein initiativrik og samlande leiar med god strategisk forståing.
Trivst med både operativt arbeid og langsiktig utvikling.
Ferdigheter
- Eiendomsutvikling
- Forretningsutvikling
- Relasjonsbygging
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Verksvegen 5, 6884 Øvre Årdal
- Bransje: Eiendom, Industri og produksjon, Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Ledelse, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
dagleg leiar, sirkulærøkonomi, utvikling, strategi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 415188576
- Sist endret