60% fast stilling som leiar for BUA
Bjørnafjorden kommune Kultureininga
- Frist 22.06.2025
- Ansettelsesform Fast
60% fast stilling som leiar for BUA
Bjørnafjorden kommune har over 26 000 innbyggjarar og rundt 1 800 dedikerte kommunalt tilsette. Vi er ein nær og inkluderande kommune, noko som blir spegla i vår misjon: "Det gode livet for alle." Som medarbeidar hos oss bidreg du til viktige oppgåver som gjer ein forskjell for både innbyggjarane og lokalsamfunnet. Du betyr noko og det du gjer har ein verdi!
BUA-utstyrssentral er ei teneste under Os frivilligsentral og Kultureininga. Sentralen har utlånspunkt både i Os og i Eikelandsosen med gratis utlån av idretts- og friluftsutstyr til alle sesongar. Barn og unge er viktigaste målgruppa.
Vi lyser etter ein kreativ og handlekraftig person som vidareutvikle BUA-ordninga i kommunen.
Viser også til utlysing av 20% stilling som engasjement i BUA. Det er mogleg å kombinera dei to stillingane.
Arbeidsstad: Os frivilligsentral med kontor på Osøyro
Arbeidet omfattar: Kundehandtering og klargjering av utstyr/lokale
Driftsansvar: Innkjøp og planlegging aktivitet. Samarbeid med frivillige og andre aktørar
Kvalifikasjonar:
- Vidaregåande utdanning og relevant høgskuleutdanning
- Vera glad i folk og friluftsliv
- God kompetanse på friluftsutstyr
- God formidlingsevne og kyndig på sosiale media
- Erfaring frå arbeid med barn og unge er ein fordel
- Du må ha førarkort
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og at du er:
-Sjølvstendig
-Strukturert
-Løysingsorientert
-Effektiv
-Fleksibel
-Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
-Motivert og engasjert medarbeidar
Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Stillinga vert løna etter gjeldande avtale
Etter utløp av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.
FerdigheterAI-generert
- Anskaffelser
- Social Media
- Utdanning på ungdomstrinnet 1 og 2
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Idrett og trening, Kunst og kultur, Miljøtjenester
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Nøkkelord
leiar, leder, frivillighetssentral, kultur, friluft
Annonseinformasjon
- FINN-kode 412489399
- Sist endret