CFO
Tussa
- Frist 5.6.2025
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer ein økonomi- og finansdirektør (CFO) som kombinerer strategisk blikk med økonomisk presisjon.
Om Tussa
Sidan 1949 har Tussa vore ein sentral aktør på Sunnmøre, og er i dag eit leiande energi- og teknologikonsern på Nord-Vestlandet. Med hovudkontor i Ørsta arbeider vi for å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar, til det beste for menneska og lokalsamfunnet.
Med solid lokal forankring bidreg vi til ei berekraftig utvikling av regionen.
Tussa Kraft er morselskapet i konsernet, som leverer administrative støttefunksjonar til dotterselskapa.
Om stillinga
Er du ein strategisk og forretningsorientert leiar med økonomisk teft? Vi søkjer ein visjonær, kommunikativ og handlekraftig CFO til ei nyoppretta nøkkelrolle i konsernleiinga. Stillinga er ei unik moglegheit til å vere med og forme framtida til Tussa gjennom innsiktsbasert økonomistyring, analysar, aktiv deltaking i strategiske avgjerder og leiing av konsernet sin økonomifunksjon.
Som CFO får du ei sentral rolle i utviklinga av konsernet sin økonomiske struktur, sikre god styringsinformasjon og leggje til rette for lønsam vekst og berekraftig utvikling. Du vil vere ein aktiv sparringpartnar og bidra med tydeleg retning, analyse og rådgjeving på tvers av verksemdsområda.
Hovudansvarsområda dine vil vere:
Overordna ansvar for økonomifunksjonen, inkludert finansiell rapportering og konsernkonsolidering, men også vidareutvikling av funksjonen
Utarbeide finansielle risikovurderingar, analysar og prognoser som grunnlag for strategiske avgjerder
Aktiv rådgjevar og sparringpartnar i strategiarbeidet
Bidra aktivt til forretningsstyring og vidareutvikling av forretningsmodellar og lønsemdspotensial på tvers av verksemda
Ivareta heilskapleg risikostyring og internkontroll innan økonomi og finans
Ta del i større kontraktsforhandlingar, investeringssaker og M&A-prosessar
Ansvar for rapportering og kommunikasjon internt og eksternt på det finansielle området
Vi søkjer ein kandidat med:
Relevant erfaring frå tilsvarande rolle, fortrinnsvis frå konsern
Erfaring med transaksjonar (M&A), forretningsutvikling og langsiktig finansiell planlegging
God innsikt i risikovurdering, analysearbeid, økonomisk styring og strategiarbeid
Forståing for skatt og regulatoriske forhold
Gode evner til å formidle økonomiske analysar på ein enkel og forståeleg måte
Høgare utdanning innan økonomi/finans
Bakgrunn frå energibransjen er ikkje eit krav, men du må kunne setje deg raskt inn i regulatoriske og skattemessige forhold i bransjen.
Vi legg stor vekt på at du:
Har høg integritet og er etterretteleg
Er analytisk og har strategisk tenkjemåte
Er dynamisk, utviklingsorientert og søkjer kontinuerleg forbetring
Har gode samarbeidsevner, forretningsforståing og evner å sjå heilskapen
Har gode kommunikasjonsevner
Vi tilbyr:
Ei nøkkelrolle med reell involvering i og innverknad på Tussa sine vegval og utvikling, i tett samarbeid med resten av konsernleiinga
Eit attraktivt selskap med engasjerte kollegaer og ei bransje i utvikling med eit viktig samfunnsoppdrag
Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit solid og veletablert konsern
Konkurransedyktige vilkår
Attraktive pensjons- og forsikringsordningar
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
Er du den CFOen vi søkjer? Send oss søknaden din med CV og ei kort skildring av kvifor du er den rette for stillinga.
Kontaktpersonar for stillinga:
Wenche Kjerstad, senior rådgiver Converto AS, tlf: 907 20 545
Olav Osvoll, adm. dir Tussa Kraft, tlf: 952 90 117
Nina Melle Scharning, organisasjonssjef Tussa Kraft, tlf: 991 68 007
FerdigheterAI-generert
- Avtaleforhandlinger
- Finansiell rapportering
- Forretningsutvikling
- Mergers & Acquisitions (M&A)
- Økonomistyring
- Rapportering
- Risikostyring
- Risikovurdering
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Langemyra 6, 6160 Hovdebygda
- Bransje: Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Økonomistyring og budsjettering
Nøkkelord
Finans, konsern, analyse, økonomi, rapportering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 407003741
- Sist endret