Direktør
Kultur- og likestillingsdepartementet
- Frist 14.05.2025
- Ansettelsesform Engasjement
Kultur- og likestillingsdepartementet søker direktør til Norsk filminstitutt (NFI)
Om stillinga
Norsk filminstitutt er staten sitt forvaltningsorgan for filmpolitikk og rådgivar i filmpolitiske spørsmål. NFI ligg direkte under Kultur- og likestillingsdepartementet, og direktøren er den øvste leiaren av verksemda.
Som direktør må du vere ein person med kraft til å vidareføre det gode faglege arbeidet ved instituttet og vidareutvikle instituttet som statleg forvaltningsorgan.
Arbeidsoppgåver
- leie verksemda administrativt, økonomisk og fagleg innanfor dei rammene og føringane Kultur- og likestillingsdepartementet gir
- utvikle verksemda og organisere arbeidet på ein formålstenleg måte i takt med dei raske endringane på det audiovisuelle området
- sørge for naudsynt digitalisering og effektivisering for å bidra til å oppnå mål
- gjennomføre naudsynt omstilling og samarbeidstiltak for å kunne levere på mål innanfor film- og dataspelpolitikken
- bygge gode relasjonar til bransjen og vere ein synleg aktør nasjonalt og internasjonalt
Kvalifikasjonar
Du må ha
• relevant utdanning på høgare nivå (relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning)
• relevant leiarerfaring og dokumenterte leiareigenskapar
• evne til strategisk planlegging og til å gjennomføre og motivere for endringar, omstilling, effektivisering og digitalisering
• god kjennskap til film- og dataspelfeltet
• god rolle- og organisasjonsforståing
• evne til å handtere medieeksponering
• kunnskap om offentleg forvaltning og forståing av politiske prosessar
• høg arbeidskapasitet og motivasjon for internasjonalt arbeid og mykje reiseaktivitet
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel.
Vi tilbyr
- utfordrande oppgåver med moglegheit til å påverke filmpolitikken i Noreg
- eit sterkt fagleg miljø med kunnskapsrike medarbeidarar
- medlemskap i Statens pensjonskasse, som gir gunstige pensjons- og lånevilkår
Stillinga er eit åremål på seks år frå oktober 2025. Perioden kan forlengast ein gong med ytterlegare seks år. Lønnsplassering skjer på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.
Som direktør for ei verksemd underlagd Kultur- og likestillingsdepartementet må ein vere førebudd på endringar i oppgåver, ansvar og organisering av verksemda.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Det er derfor eit personalpolitisk mål å få til ei balansert samansetjing av tilsette på tvers av alder og kjønn, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode. Opplysningar om dette kan bli brukt til registerformål.
Offentleg søkarliste og kontakt
Opplysningar om søkaren kan offentleggjerast sjølv om søkaren har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før vi offentleggjer lista.
Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med ekspedisjonssjef Heidi Karlsen på telefon 48 02 60 77 eller personalsjef Helle Campell på telefon 93 01 49 93.
FerdigheterAI-generert
- Administrativ ledelse
- Digitalisering
- Generell offentlig administrasjon
- Offentlig administrasjon og forvaltning
- Økonomistyring
- Organisatorisk ledelse
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Norsk filminstitutt ligg under Kultur- og likestillingsdepartementet og er staten sitt forvaltningsorgan for filmpolitikk og rådgivar i filmpolitiske spørsmål.
NFI gir tilskot til filmformidling, til norske filmar, tv-seriar og dataspel, til samproduksjon med andre land og til produksjon av internasjonale film- og serieproduksjonar som legg heile eller delar av innspelinga til Noreg.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Dronningens gate 16, 0105 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 405421645
- Sist endret