Avdelingsleiar kommunalt arkiv
Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal
- Frist 30.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Brenn du for arkivfaget og blir motivert av å leie andre mot felles mål?
Vi ser etter ein trygg og tydeleg mellomleiar med god arkivfagleg kompetanse som har lyst å tre inn i rolla som avdelingsleiar i ei nyoppretta stilling. Avdeling kommunalt arkiv består av 3 faggrupper med 17 medarbeidarar som arbeider med drift og forvaltning av arkiv gjennom rådgiving, ordning og digitisering av arkiv for eigarane og eksterne kundar.
Avdelingsleiaren skal ha delegert personalansvar for medarbeidarane, budsjettansvar for avdelinga, samt fagansvaret i/for dei tre faggruppene. Dette for å sikre god kvalitet på tenestene våre, god flyt og eit godt samarbeidsklima. Avdelingsleiar vil rapportere til dagleg leiar og vere ein del av leiargruppa.
Etter ei omorganisering med verknad frå 01.05.2024 blei det innført eit nytt leiarnivå i organisasjonen med to nye avdelingsleiarar. I tida framover vil vi fortsette med å utvikle og formalisere arbeidet i organisasjonen. I tillegg til dette er vi godt i gang med eit forprosjekt for nytt bygg. Alt dette medfører nye og spennande oppgåver som vi håper du vil vere med å leie.
Arbeidsoppgåvene
- Dagleg ansvar for avdelinga
- Fag-, personal- og økonomiansvar
- Leie og kvalitetssikre drifta og det arkivfaglege arbeidet
- Leie, motivere og følge opp tilsette
- Bistå i utviklinga aveit team med fokus på tverrfagleg samarbeid og samhandling
- Delta i leiargruppa
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har:
- høgare utdanning innan relevante fagområde for stillinga, til dømes innan arkivfag og leiing. Fortrinnsvis 4-5 års universitet/høgskuleutdanning. Solid og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- erfaring innan arkiv- og dokumentasjonsforvaltning.
- god evne til å formidle og kommunisere på norsk, både skriftleg og munnleg.
- god digital forståing og som er ein erfaren IT-brukar.
I tillegg er det ønskeleg at du også har:
- leiarutdanning og leiarerfaring.
- leiarerfaring med personalansvar.
Personlege eigenskapar
Vi søker ein trygg og tydeleg leiar med høg integritet, som er strategisk, utviklingsorientert og har evne til å prioritere. Din leiarprofil er både relasjonssterk og inkluderande der du bidrar med humør og positivitet inn i arbeidsmiljøet. Vi ønsker at du er ryddig og strukturert, og toler å stå i omskiftande og krevjande problemstillingar.
Vi tilbyr
- Fast stilling som avdelingsleiar
- Arbeid med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
- Pensjonsordning i KLP
- Fleksitidsordning
- Lønn etter avtale
Om arbeidsgiveren
Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal (IKA Møre og Romsdal) er eit interkommunalt selskap eigd av 27 kommunar samt Møre og Romsdal fylkeskommune. IKA Møre og Romsdal forvaltar papirbasert og digitalt arkiv for eigarane. Vi er ein kompetanseinstitusjon innan arkiv, digitisering og dokumenthandtering.
Dei fylkeskommunale tenestene Privatarkiv, FylkesFOTOarkivet og Fylkessenter for digitisering av kulturarven er lagde til IKA Møre og Romsdal.
Selskapet leverer også tenesta personvernombod til dei fleste av eigarane våre. Vi har i dag 28 tilsette, av dei 27 faste. Selskapet har i dag kontor i sentrum av Ålesund.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Fagleder
- Sted: Kirkegata 10B, 6004 Ålesund
- Bransje: Arkiv og bibliotek, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Dokumentasjon, Ledelse
- FINN-kode 363149762
- Sist endret