Søkjer engasjert
- Arbeidsgiver: Austevoll kommune
- Stillingstittel: Fast stilling som Barnevernsleiar ved Barnevernet
- Frist: 9.6.2024
- Ansettelsesform: Fast
Fast stilling som Barnevernsleiar ved Barnevernet
Om arbeidsstaden
Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Barneverntenesta består i dag av 5 tilsette og vi held til i lyse og trivelige lokaler på Storebø.
Om stillinga
Som leiar i barnevernet får du ansvar for fagleg og økonomisk leiing av tenesta. Du skal vera ein tydeleg og synleg leiar for dei tilsette, og ha ansvaret for å utvikla dyktige medarbeidarar.
Tenesta skal utvikla seg i tråd med den nye barnevernsreforma/oppvekstreforma og her står kommunen overfor utfordrande og spennande oppgåver som krev samarbeid på tvers av relevante instansar og einingar.
Leiar i barnevernet er ein del av leiargruppa under eininga oppvekst og kultur, og rapporterer til kommunalsjef.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- Sikra at barneverntenesta arbeider etter lovkrav, faglege standarder og verdiar i barnevernet
- Pådrivar for heilskapleg leiing og felles kultur i tenesta
- Delta i tverrfaglege møte eksternt og internt
- Rapportering
- Vera ansvarleg for god saksbehandling og oppfølging av tiltak
- Delta i og utvikla prosjektet Tidleg inn saman med leiarar i oppvekst og kultur
- Delta i kunnskapsbaserte program/FOU- arbeid
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav
- Minimum bachelorgrad innan barnevernspedagog/sosionom/læringspsykologi.
- Ønskeleg med master i sosialfag, barnevern, evt anna relevant masterutdanning
- Etter/vidareutdanning familieterapi og systemisk praksis, relasjonskompetanse i barnevernet, evt annan relevant etter/videreutdanning er ein fordel
- Erfaring frå arbeid med tilsvarande målgruppe
- Leiarerfaring, gjerne frå barnevern eller anna relevant fagområde
- Kompetanse innan økonomi
- God juridisk forståing
- Kunnskap om førebyggjande arbeid og tidleg innsats
- God IKT- kompetanse
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Førarkort kl. B
- Gyldig politiattest med plettfri vandel
Søkjar må vere personleg eigna til stillinga. Vi søkjer deg som er systematisk, strukturert og evner å vere reflektert i møte med barn, pårørande og samarbeidspartnarar og tilsette. Vidare er du:
- Ein person som utfordrar oss på etablert praksis gjennom tenesteinnovasjon
- Tydeleg og kommuniserer godt og respektfullt med brukarar og kollegaer
- Ein sterk og trygg fagperson
- Oppteken av fag, fagutvikling og måloppnåing
- Ein lagspelar som får fram det beste i personalgruppa
- Ein motivator som engasjerer medarbeidarar til å arbeida mot felles mål
- Ein inkluderande leiar med godt humør og pågangsmot
Vi tilbyr
- Spennande og utfordrande oppgåver i ein teneste i utvikling
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit fagmiljø i utvikling
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søkjer du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Om arbeidsgiveren
Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai.
Alle sambanda mellom Austevoll og fastlandet gratis for alle reisande!
Kommunen har eit folketal på 5.300 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 450 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- FINN-kode 354088833
- Sist endret